Byggjeleiar i Statens vegvesen Edvard Straumsnes, Vinje-ordførar Jon Rikard Kleven og Jo Breivegen i Hovden hytteservice.
Byggjeleiar i Statens vegvesen Edvard Straumsnes, Vinje-ordførar Jon Rikard Kleven og Jo Breivegen i Hovden hytteservice.

Erklærte vegen for opna

Arbeidet på strekninga Raudå bru–Åmot på E134 blei offisielt ferdigstilt torsdag. Det blei feira med veg-kake og taler.

Sidan hausten 2015 har Statens vegvesen og Hovden hytteservice arbeidd med å utbetre vegen frå slutten av Grønlihei og ned mot Åmot sentrum.

– Det er alltid hyggeleg å vera med på vegopningar. Slike milepælar må markerast godt og grundig. Dette er eit prosjekt som har hatt ei lang og kronglete fortid, slik dei fleste vegprosjekt har. Men mange har stått på og jobba for å få på plass denne løysinga som no er klar. Dette er fyrste del av arbeidet med strekningen Seljord–Åmot. Utbetringa vil vera til nytte både for trafikken mellom Aust- og Vestlandet, regionaltrafikk og lokaltrafikk. Spesielt på vinterstid vil utbetringane vera merkbare, har eg forstått. Det har vore mange vogntog som har streva i desse bakkane, sa Eivind Gurholt, seksjonssjef i Statens vegvesen.  

Artikkelen held fram under annonsen.

Fornøgde arbeidarar, pådrivarar og lokale

Torsdag blei altså snora klipt ved 123-stasjonen i Åmot. Det hadde møtt fram folk i alle aldrar, frå barneskule-elevar til pensjonistar. Alle ville vera med på opninga.

Vinje-ordførar Jon Rikard Kleven (Sp), Børge Skårdal i Haukelivegen AS, fylkesordførar Sven Tore Løkslid (Ap), byggjeleiar i Statens vegvesen, Edvard Straumsnes, Jo Breivegen i Hovden hytteservice, Ragnhild Berg i Norsk lastebileigarforbund i Telemark og Plassane-bebuar Tor Strømme sa også nokre ord kvar.

Det blei kytt mykje av det gode samarbeidet mellom entreprenøren Hovden hytteservice og Vegvesenet. Lokalbefolkinga fekk kyt for tålmodet deira og Vinje-ordføraren song til og med eit par strofer av sin eigen versjon av Frank Sinatras «My way» – «Min veg». Strømme på si side var storfornøgd med den nye gangvegen opp til Plassane.

Denne veg-kaka stod og venta på dei som hadde møtt opp for å markere vegopninga.
Denne veg-kaka stod og venta på dei som hadde møtt opp for å markere vegopninga.

– Den skal eg bruke til eg ikkje kan gå meir. Og tenk kor mange fine augneblink barna som kan bruke den som skuleveg kjem til å ha der, sa Strømme, som saman med kona hadde med seg ei blautkake for høvet. Den hadde dei blitt samde om at dei skulle ha med den dagen vegen opna, noko dei syntest verka usannsynleg då arbeidet starta.  

– Slike vegprosjekt seier ein alltid at Vegvesenet aldri kjem til å bli ferdige med i mi tid. Men de rakk det, sa Strømme til latter frå dei frammøtte.

E134 Raudå bru–Åmot

Arbeidet starta hausten 2015.

Utført av Hovden Hytteservice AS.

Prosjektleiar, Statens vegvesen: Helene Bye.

Artikkelen held fram under annonsen.

Prosjekteringsleiar: Lisbeth Lehn Fosse.

Byggjeleiar: Edvard Straumsnes.

Kontrollingeniør: Mats Granli.

Utført arbeid:

– Støyisolering av 13 bustader.

– 2300 meter ny E134. 8,5 meter brei. Delar av strekninga har utvida vegskulder 1,5 meter.

– 550 meter ny gang- og sykkelveg.

– 200 meter fortau.

Artikkelen held fram under annonsen.

– 1700 meter med ljos.

– 32 meter lang kulvert støypt på plassen.

Utfordringar:

– Byggje tett inntil høgtrafikkert veg.

– Mykje ur og blokkstein i fjellskjering.

Kjelde: Statens vegvesen