Espeland – ny samhandlingskoordinator
Kari Gro Espeland har sagt opp stillinga si som kommunalsjef for helse og omsorg i Seljord kommune, og tar til i ny jobb som samhandlingskoordinator i Vest-Telemark 16. april i år.
Espeland seier at ho gler seg til å starte i den nye stillinga.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er spennande med nye utfordringar, og få moglegheit til å jobbe med samhandling mellom kommunane i Vest-Telemark og sjukehuset i Telemark. Det er lagt ned eit veldig godt arbeid gjennom fleire år, og det er eit godt utgangspunkt å bygge vidare på når ein tek til i ny jobb. Men på same tid vil det vere viktig å orientere seg mot nye område knytt til samhandling, seier Espeland.
Espeland overtek stillinga etter Sissel Bitustøyl som har vore samhandlingskoordinator sidan 2010, men som denne våren går av med pensjon.