Arnt Helge Hauglid og Steinar Guttormsen var stolte av å opne utekontor i Seljord.
Arnt Helge Hauglid og Steinar Guttormsen var stolte av å opne utekontor i Seljord.

Etablerer kontor i Seljord

FMC Technologies har etablert utekontor på Århusmoen i Seljord.

FMC technologies leiger kontorlokale av Power Tech AS i Seljord, og vil ha eit eige lukka kontorfellesskap med seks arbeidsstasjonar og møterom.

– Me har eit breitt nedslagsfelt, og mykje av kompetansen er frå Telemark. Derfor ynskjer me å etablere eit kontor i Seljord, seier Vegard Grinde Olsen i FMC.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han seier mellom 15 og 20 personar er aktuelle for å registrere seg som brukarar av utekontoret, og ser at dette er viktig for at dei tilsette mellom anna skal redusere pendlinga. Inntil tri dagar i veka kan tilsette nytte pendlarkontoret i Seljord. I hovudsak vil det vere designarar og prosjektingeniørar som skal arbeide eit par dagar på kontoret i Seljord.

FMC technolgies er blant dei leiande i verda på undervassystem og seperasjonsutstyr og har kring 1800 tilsette i Kongsberg, som er det austlege hovudkontoret i konsernet.

Halde på og rekruttere

Kontoret blei opna fredag, og arbeidet opp mot serverane på Kongsberg fungerer bra. Ein har høve til å arbeide med tunge 3D-modellar på liner rett frå serverane på Kongsberg, og måten å arbeide på skil seg ikkje frå det som blir gjort frå hovudkontoret.

Ved å etablere kontor i Seljord håpar FMC å sikre at dei tilsette frå regionen blir i verksemda framover. Det er også ein god moglegheit til å rekruttere nytt personell til FMC.

Arnt Helge Hauglid har vore sentral i etableringa av utekontoret. Han meiner etableringa er viktig for regionen. Ved å ha eit FMC-kontor i Seljord har ein høve til å rekruttere vesttelar som ynskjer å flytte heimatt.

– Offshore er ein bransje i sterk vekst. FMC har behov for personell. Eg har alt hatt telefonar frå folk som ynskjer å vite meir, seier Hauglid.

Framtidsutsikter

Blant moglegheitene dei ser i framtida er at utviklingsprosjekt i regi av FMC kan bli gjennomført frå Seljord for å sikre rask gjennomføring og tett dialog mellom design, fabrikasjon, montasje og testing. Ved å ha kontor i lokala til Power Tech AS kan det opne seg samarbeidsmoglegheiter som kan optimalisere utstyr. Det kan gje FMC både betre pris og kvalitet. Det er per i dag ikkje noko samarbeid bedriftene, men det blir arbeidd med at Power Tech AS skal bli ein godkjent leverandør til FMC.

FMC Technologies

– Amerikansk multinasjonalt selskap med tri dotterselskap i Noreg; i Kongsberg, Asker og Bergen. I tillegg til kontor i Afrika, Europa og Asia.

Artikkelen held fram under annonsen.

¬– Selskapet har ei rekkje forretningsområde innan energisektoren for produksjon og tenester.

– Verdsleiande systemleverandør av subsea system for produksjon av olje og gass via undervassproduksjonsanlegg.

– Utviklar teknologi for å realisere oljefelts fulle potensiale.

– 11.000 tilsette/innleigde i 19 land.