Etablerte pelsdyrhaldarar trår til sjølve
Fjorårets rekrutteringstiltak i pelsdyrbransjen gav ikkje napp på nye drivarar. Alle pelsdyrhaldarane i Nissedal trår nå til sjølve, og får nytt liv i ein nedlagt, men rasjonell farm i bygda.
I regi av Telemark pelsdyralslag prøvde pelsdyrinteresser i Nissedal å lokke nyetablerarar med ulike rekrutteringstiltak i fjor sommar. Eit av tilboda kom frå Brødrene Grimstvedt, som har teke permisjon frå pelsdyrdrifta og er viljug til å låne ut farmen sin gratis for å få ny fart på næringa.
Me fekk ikkje særleg respons på rekrutteringstiltaka, oppsummerer fylkeslagsleiar Torgeir Grimstveit frå Nissedal.
Artikkelen held fram under annonsen.
Halvårsdrift
Nå tek alle dei sju pelsdyrhaldarane i Nissedal og ein person frå Drangedal skeia i eiga hand. Alle har teikna seg for å levere frå 500-1.500 mink kvar og bruke farmen til Brødrene Grimstvedt som ein framfôringsfarm. Totalt er det snakk om 5.500 mink. Dyra blir plasserte to og to i kvart bur i byrjinga av juli.
Dette er mink som ikkje er aktuelle som livdyr, men slike som det på førehand er bestemt skal pelsast. Me åtte som skal vere med på opplegget sit nå med eit høgare tal tisper enn vanleg. Eg har sjølv 100 avlstisper ekstra. Dermed kjem det fleire kvalpar, og dei blir flytta til framfôringsfarmen, fortel pelsdyrhaldar Torgeir Grimstveit.
Framfôringsfarmen får felles fôrleveranse og skal vere i drift frå 1. juli til 1. desember. Då startar pelsinga, som blir utført på dei ulike pelsdyrgardane. Utpå hausten vil det truleg vere full jobb for ein person å ta seg av den felles drifta. Det kan bli snakk om at eigarane sjølve driv på skift, men den endelege løysinga er ikkje klar.
Gevinst utan investering
Årsakene til den felles satsinga er at pelsdyrhaldarane ynskjer å gjere eit positivt innslag for fôrkjøkkenet i Treungen. Vidare får dei sjølve økonomisk gevinst ved å auke pelsproduksjonen.
Og me får låne eit rasjonelt anlegg. Me får høgare produksjon utan å investere i anlegg. Vidare er det eit pluss at me steller til litt meir arbeid i bygda, det er då heller ikkje så gale, seier Grimstveit.
I Rogaland er det ikkje eit ukjent fenomen at tome pelsdyrgardar blir drivne av andre. Grimstveit trur ikkje det finst fleire tome gardar i bygda der ein kan satse felles. Men nå blir det i alle fall meir aktivitet i næringa.
Det synest å verke veldig vanskeleg å få rekruttering i pelsdyrnæringa. Me er inne i ei tid der det ikkje er så lett å få folk til å lage eigen arbeidsplass. Eg trudde det skulle vere meir å hente mellom anna blant bønder som opplever nedgang i tradisjonelt husdyrhald, seier Grimstveit.
Abraham Grimstvedt i Brødrene Grimstvedt fortel at framtida får vise om dei kjem tilbake i pelsdyrbransjen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er veldig positivt at dei åtte pelsdyrhaldarane vil bruke pelsdyrgarden vår som me låner ut gratis. Men det beste av alt hadde vore om yngre krefter hadde starta med drift der, seier Abraham Grimstvedt.
Optimistisk fôrprodusent
Fôrkjøkkenet til Jakob Tveit AS stod i fare for å bli lagt ned. Eit ekstraordinært årsmøte blant pelsdyrhaldarane gjer at bedrifta held fram, og det i ein optimistisk tone.
I fjor vurderte ein del pelsdyrhaldarar i nedslagsfeltet til fôrkjøkkenet i Treungen å byte leverandør. Frå eit kjøkken i Rogaland blei dei freista med ein pris på pelsdyrmaten som var 25 øre billigare per kilo. På eit ekstraordinært årsmøte sist haust røysta somme kjøparar for å gå over til Rogaland, medan andre ville halde fram i Treungen. Kravet om to-tredels fleirtal for å gå over til ein annan leverandør blei ikkje fylt.
Det var viktig for oss at forslaget om å gå over til annan leverandør ikkje fekk to-tredels fleirtal. Bedrifta hadde blitt lagt ned om dei hadde gått over til Rogaland-kjøkkenet. Den prisen dei lova var basert på at dei skulle få fraktstøtte av potten pelsdyrnæringa får frå staten for å køyre ut fôr. Då ville produsentar i andre område få høgare fôrpris. Eg følte det blei feil at ei fraktstøtte frå staten skulle knekkje bedrifta vår, seier Asbjørn Tveit i Jakob Tveit AS.
Mange tilsette
Han legg til at det ikkje var sikkert at styret i Norges pelsdyralslag hadde vore interessert i at Rogalands-kjøkkenet skulle få meir av fraktstøttepotten som er til disposisjon. Dermed kunne eit eventuelt årsmøtevedtak om bytte av leverandør ha stranda i styret.
Tveit fortel at leiinga i pelsdyralslaget i Oslo elles var glad for at fôrkjøkkenet i Treungen kunne halde fram med drifta.
Dei meiner det er viktig å ha eit fôrkjøkken mellom Rogaland og Hamar med tanke på beredskapen om det skulle kome nye terrorangrep mot pelsdyrbransjen, seier Tveit.
7-8 tilsette er knytte til fôrproduksjonen i Treungen og utkøyringa. Om eitt år er Treungen-verksemda ferdig med ti års nedskriving på eit topp moderne fôrkjøkken. Tveit meiner det taler til fordel både for dei og kjøparane.
Artikkelen held fram under annonsen.
Gode prisar
Eg såg føre meg at fôrkjøkkenet kunne blitt lagt ned i fjor. Då hadde Jakob Tveit AS gått ut av pelsdyrnæringa heilt, og lagt ned mink- og revefarmen me har på Berlimoen. Då ville også desse arbeidsplassane forsvunne. Men nå ser framtida ganske bra ut for oss, seier Tveit.
Sjølvsagt kunne han ynskje seg ein større produksjon.
Prisen på minkskinn er absolutt tilfredsstillande og prisen på sølvrevskinn er svært god. Det er stort sett nissedølar som driv med pelsdyr i Vest-Telemark. Ein blir møtte med at somme meiner det er gambling å drive i denne bransjen, men eg føler det ikkje slik. Det er andre prosjekt i Vest-Telemark som er meir usikre, seier Tveit, utan å villa gå i detaljar.
Fryktar nye angrep
I mars er det eitt år sidan miljøaktivistar hadde terrorangrep mot verksemda til Jakob Tveit AS i Treungen. Tidlegare har det også vore aksjon mot ein pelsdyrfarm i bygda, og då blei mange hundre mink sleppte ut av bura sine.
Asbjørn Tveit hos Jakob Tveit AS føler politiet tek terrorangrepa mot næringa på alvor.
Men saka er ikkje enkel å løyse, det er ikkje snakk om vanlege forbrytarar. Eg har inntrykk av at politiet nå veit ganske mykje om terroristgruppa, og har tru på at dei blir tatt. Truleg må dei bli tatt på fersken for bevisets skuld, seier Tveit.
Pelsdyrfarmar og fôrprodusenten i Treungen har sett i verk sikringstiltak. Jakob Tveit AS har mellom anna videoovervaking av området sitt. Det førte til at eit tobakkstjuveri av varer til 100.000 kroner i butikken før jol, blei oppklart.
All husdyrproduksjon er utsett for terroristane. Eg fryktar nye angrep, både på fôrkjøkken og pelsdyrfarmar. Det er fanatikarar me kan rekne med kjem att. Men sikringstiltak gjer at risikoen for å bli tatt er mykje større, avsluttar Tveit.