– Eg etterlyser eit systematisk ettersyn av vegen i heile Eidsborgberget, og blir uroa når ordføraren seier at ein må rekne med at det kan rase andre stader i berget framover, seier Benedikte Nes som saman med familien bur i Eidsborgberget. Ho arbeider på Vest-Telemark museum i Eidsborg og er såleis dagleg brukar av fylkesvegen.
– Eg etterlyser eit systematisk ettersyn av vegen i heile Eidsborgberget, og blir uroa når ordføraren seier at ein må rekne med at det kan rase andre stader i berget framover, seier Benedikte Nes som saman med familien bur i Eidsborgberget. Ho arbeider på Vest-Telemark museum i Eidsborg og er såleis dagleg brukar av fylkesvegen.

Etterlyser systematisk sjekk av vegen

Etter at ein av svingane på fylkesveg 45 i Eidsborgberget rasa ut svartjoleftan, er det mange som undrar på om resten av berget er godt nok sjekka for moglege nye ras.

– Eg er ikkje redd for å køyre Eidsborgberget, men det er nok fleire svingar som kan vere utsette. Mellom anna er eg uroa for den øvste svingen. No satsar eg berre på at Vegvesenet har gjort ein skikkeleg jobb, sa Ragnhild Mandt frå Eidsborg då vegen blei opna att sist veke.

Det var ho som oppdaga raset og melde frå om det. Dermed var det også ho som stod for den formelle snorklyppinga då vegen opna att.

Artikkelen held fram under annonsen.

2 300 kilometer

– Det har blitt gjort ein skikkeleg jobb her. Derfor har det også teke noko lenger tid enn me fyrst trudde, sa Kjell Solheim, avdelingsdirektør for Statens vegvesen i Telemark.

– Kva rutinar har de for å sjekke slike utsette stader som Eidsborgberget må seiast å vere med tanke på gamle tørrmurar i bratt terreng?

– Me har 2300 kilometer med riks- og fylkesvegar som treng ettersyn. I kontraktane våre med entreprenørane er eitt av punkta å føre tilsyn med vegane. Ved spesielle hendingar eller situasjonar utfører me også eigne synfaringar. Men eg vedgår at det vanlege er å gjere ein ytre sjekk, altså det som auga ser, svara Solheim til VTB.

Denne steinen trilla ned i tunet til Benedikte Nes og familie. Kan han ha kome frå tørrmuren i svingen ovanfor?
Denne steinen trilla ned i tunet til Benedikte Nes og familie. Kan han ha kome frå tørrmuren i svingen ovanfor?

Han la til at dei har diskutert om rutinane bør bli endra, og om ting kan gjerast annleis.

– Hendingar som denne i Eidsborgberget gjer at me set søkjeljoset på rutinane våre, og me vurderer om dei er gode nok, sa han.

– Kva har blitt gjort?

I samband med utbetringa av rasstaden har det blitt køyrt mange tunge lass med både masse og betong i berget. Det uroar mellom andre Benedikte Nes, som bur i Eidsborgberget.

– Mange stader er det gamle tørrmurar som blei bygt for å tole heilt andre transportmiddel enn dagens tunge køyretøy. Den siste tida har det vore mykje trafikk med tunge lass. Det eg er uroa for er om det har blitt føreteke ein systematisk sjekk av heile berget etter hendinga. Kan me vere sikre på at det ikkje er fleire svingar og murar som er i ferd med å rase ut? Har det vore geologar i området for å vurdere situasjonen? Kvifor er ikkje vegen merkt med avgrensa akseltrykk? Eg har i grunn mange spørsmål om kor nøye vegen blir fylgt med på, seier Nes.

Undrande til ordførarens uttale

Ho fortel også at ho stiller seg undrande til ei uttale Tokke-ordførar Jarand Felland kom med på Telemarkssendinga 20. april i år. Han fekk då spørsmål om han var trygg på at ein slepp slike hendingar i næraste framtid.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då svara han nei, det var han ikkje trygg på. Han sa at det ikkje er utenkjeleg at fleire svingar kan li same skjebne. Han nemner også trafikken over Suleskar og store tunge lastebilar som hovudårsak til at vegen rasa ut, fortel ho.

Ordføraren vedgår at auka trafikkmengde og fleire tyngre køyretøy har hatt sitt å seie for det som skjedde i desember i fjor. Og at noko tilsvarande kan skje i framtida.

– Det er eit faktum at trafikken har blitt større og tyngre i Eidsborgberget. Saman med klimaendringar som også påverkar grunnforholda så kan det på sikt vere fare for ras fleire stader. Eg nemnde dette i tala mi då vegen blei opna att sist veke, og eg sa at me saman med Vegvesenet og fylkeskommunen har fleire utfordringar å sjå på. Me kan leggje press på vegeigar, altså fylkeskommunen og Vegvesenet, og det kjem me til å gjere, seier Tokke-ordføraren til VTB.

Han fortel også at det var geolog i området etter at raset hadde gått. Felland er i utgangspunktet skeptisk til å redusere akseltrykket langs vegen.

– Det vil medføre store ulemper for næringslivet, seier han.

Flaks at det gjekk bra

Benedikte Nes meiner det berre var flaks at hendinga svartjoleftan ikkje førte til ei alvorleg ulykke.

– Marginane er små, og når ordføraren uttaler at ein truleg må rekne med at det kan rase i fleire svingar, så må me i det minste vente at han er ein pådrivar for å setje i verk tiltak for å hindre alvorlege ulykker. Me vil gjerne ha meir informasjon om kva som vert gjort, fortel Nes.

Ho og familien kjøpte huset som går under namnet Villaen i berget i 2010. Dei har budd der sidan 2011.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein ting er å bu her. Då må ein kanskje rekne med at ein og annan stein kan hamne i tunet, slik det gjorde tidlegare i vår. Det er sjølvsagt litt skremmande å tenkje på kva som kunne skjedd om borna hadde leika ute akkurat då. Men det eg ynskjer å setje søkjeljoset på er at vegen me køyrer på må vere heilt trygg, og at det blir gjort regelbundne og grundige undersøkingar av vegen og murane i heile Eidsborgberget, seier Nes.