Stortingsrepresentant Bård Hoksrud etterlyser både oppstart av vegarbeid på Rv41, og at det blir gjort noko med til dømes fylkesvegbrua i Dalen sentrum.
Stortingsrepresentant Bård Hoksrud etterlyser både oppstart av vegarbeid på Rv41, og at det blir gjort noko med til dømes fylkesvegbrua i Dalen sentrum.

Etterlyser vedlikehald på stamveg

– Blir Rv41 trenert og trenert, undrar stortingsrepresentant Bård Hoksrud (Frp) frå Telemark. Millionar er sett av til vegvedlikehald, men arbeidsstarten er utsett fleire gonger.

I starten av februar for snart to år sidan kom det fram at det blei sett av 10 millionar kroner i 2011 og 2012 til forarbeid på Rv41 i Vest-Telemark. Vidare skulle ein bruke 20 millionar kroner til asfalt i 2012 og 2013 på denne stamvegen.

– Alle trudde at vedlikehaldsarbeidet på vegen frå Vrådal til Kyrkjebygda i Nissedal skulle starte sist haust, men oppstarten har blitt utsett fleire gonger og ingen ting har skjedd til no. Blir Rv41 trenert og trenert, det spørsmålet stiller eg meg. No er me i eit nytt år og eg er bekymra for pengane. Me må syte for at midlane framleis skal gå til stamvegen, seier Bård Hoksrud til VTB.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fortsette opprustinga

Hoksrud har fått med seg det sterke engasjementet som i lang tid har vore for å starte opprustinga av Rv41 i Telemark. Når det blei sett av pengar for ei tid sidan for å starte arbeidet på delar av strekninga, undrar Hoksrud seg over at det ikkje skjer noko. Hoksrud har derfor nyleg sendt eit spørsmål til vegstatsråden om han vil syte for at det planlagde vedlikehaldsarbeidet blir gjennomført. Svaret er venta i nær framtid.

– Rv41 er ein stamveg og ein viktig veg. Om det planlagde arbeidet blir sett i gang snart, kan ein ikkje stoppe med dette. Kanskje kan me få pressa ut meir pengar til Rv41 i samband med revidert nasjonalbudsjett, slik at ein kan fortsette opprustinga vidare til Treungen og Aust-Agder grense. Det mest viktige no for denne strekninga er å få ny asfalt, seier Hoksrud.

Sist haust hadde han seg ein tur i Vest-Telemark, og fekk igjen slått fast at også andre vegar treng vedlikehald. Han beit seg merke i fylkesvegen gjennom Dalen.

– Fylkesvegbrua i Dalen sentrum er ikkje halde vedlike, og ein ser nesten igjennom asfalten. Det er veldig rart at ein ikkje ser at strekninga må rustast opp. Det er utruleg mykje dårlege vegar i Telemark, erfarer Hoksrud.

Kanskje kan den omtala brua bli gjort noko med i år. Fylkeskommunen vil i 2013 låne 100 millionar kroner som skal gå til opprusting av dårlege fylkesvegar. Dei er det mange av, så det blir nok kamp om beinet.

Startar arbeidet snart

Byggjeleiar Edvard Straumsnes i Vegvesenet fortel at oppstarten av vegarbeidet på Rv41 har blitt utsett to gonger på grunn av interne diskusjonar om fråvik.

– Pengane er der og arbeidet skal bli utført, forsikrar han.

I utgangspunktet var det meininga å ruste opp strekninga frå Steane sør for Vrådal til Kyrkjebygda i Nissedal. Straumsnes fortel at ein no vel eit meir omfattande arbeid frå Steane og sørover til Kilen. Derfor blir pengane som er sett av, bruka bare på denne seks kilometer lange strekninga. Arbeidet startar om ikkje så lenge, og det blir også gjort flatelapping i år. Så skal arbeidet få sette seg, og derfor kjem ikkje nyasfalteringa før i 2014.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva med vegen vidare sørover frå Kilen?

– Det er jo ein riksveg, så den bør ha ein standard. Me får håpe det kjem pengar frå den store statskassa, svarar Straumsnes.

Strategi for opprusting

Nissedalordførar Halvor Homme ser opprusting av Rv41 som ei av dei viktigaste sakene i regionen. Han har no fått stadfesta av både entreprenør Draugedalen og Haugo (har fått anbodet på opprusting av Rv41) og Vegvesenet at arbeidet på stamvegen startar snart.

– Det har vore ein diskusjon mellom Vegdirektoratet og vegkontoret i fylket om å bruke knust stein eller sprengt stein, og derfor stoppa saka opp. Eg har god tru på at arbeidet startar på vårparten, seier Homme.

Som ordførar tok han for litt sidan initiativ til eit møte med Vegvesenet og ordførarane i kommunane som Rv41 går gjennom. Homme ynskjer ein strategi for å få rusta opp stamvegen.

– Eg følte behov for ein dialog med Vegvesenet og å få bistand slik at det kjem pengar til riksvegen i neste Nasjonal transportplan (NTP) som blir vedteke før sommaren. Vegvesenet møtte med representantar frå både Telemark og Agder-fylka, opplyser Homme.

I møtet fekk han forklaring på kvifor det blir satsa så lite på Rv41. Vegvesenet tilrådde at vegen heller skulle bli fylkesveg, men politikarane villa at det skulle vere stamveg og slik blei det.

– Rv41 var då ikkje med i planen til Vegvesenet. Derfor har vegen falle mellom to stolar, seier Homme.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han var godt fornøgd med møtet som blei halde.

– Vegvesenet sa at ein skulle satse på å ta att forfallet på riksvegen. Vidare strekte Vegvesenet seg så langt til å seie at det vil vere veldig overraskande om Rv41 ikkje får ein god del av midlane i neste NTP, seier Homme, som vil jobbe med vegsaka kontinuerleg framover.