Etterlyser vegnamn og husnummer
Manglande vegmerking og husnummerering i vestfylket skapar vanskar både for ambulanseteneste og politi. Nokre kommunar er i gang, medan andre ikkje har byrja arbeidet. Truleg vil det gå fleire år før namninga er fullført.
Ringjer ein naudnummera til brann, politi eller ambulanse kjem ein til ein alarmsentral i Skien. Oppgåva deira er så å kalle ut beredskapen til staden der sjukoms- eller ulykkestilfellet er.
Det som reddar oss er lokalkunnskapen. Ambulansepersonell som ikkje er lokalkjende er avhengige av å køyre saman med ein lokalkjend når dei er ute på oppdrag. Men ikkje alltid greier dei lokalkjende heller å fylgje med på nytilflytte, seier Geir Venås i Seljord og Kviteseid Ambulanse. Han etterlyser vegnamn og husnummer i Vest-Telemark-kommunane, både fysisk skilting og i kartverksystemet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Seljord og Kviteseid Ambulanse har også oppdrag i andre kommunar.
Erfaringa frå Bø, til dømes, der dei fleste har vegadresser, er at det er mykje enklare å finne fram, seier han.
Eit stort sakn hjå politiet
Også hjå politiet er manglande vegnamn og nummer eit stort sakn. Ikkje alle vakthavande politifolk er like lokalkjende.
Vegnamn og husnummer er eit veldig sakn. For Operasjonssentralen i Telemark politidistrikt, dit dei fleste som ringjer politi- eller lensmannsetaten i fylket kjem, skapar manglande adresser vanskar. Då Operasjonssentralen kom i drift, trudde dei nesten ikkje det var sant at så mange kommunar mangla adresser, fortel lensmann i Seljord, Torodd Aase.
Han legg til at politiet aldri har stressa kommunane med dette, men uttrykkjer likevel at det mange gonger hadde vore trong for meir eksakte adresser.
Det går an å finne fram på kart dersom gards- og bruksnummer blir oppgjeve. Men ikkje mange veit kva gards- og bruksnummer dei bur på, poengterer lensmannen.
Installerer digitale kart
Ambulansetenestene i Telemark er no i ferd med å installere digitale kart i alle bilane, såkalla GPS (Global Position System).
På karta ser ein kvar ambulansane er til kvar tid, og kan dirigere dei til skadestaden. Men karta for det meste av Vest-Telemark er heilt utan vegnamn. Dermed har hjelpemiddelet inga nytte, få har kjennskap til gards- og bruksnummera, seier Venås.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han etterlyser både fullstendige kart og skilting av vegar og hus.
Ein del stader har vegar fått namn og blitt merka. Men det hjelper ikkje med fine skilt dersom dei ikkje er inne på kartverket, understrekar ambulansesjåføren.
Ikkje ajourført i Kviteseid
Av dei seks Vest-Telemark-kommunane er det berre Kviteseid som har innført vegnamn og adresser for heile kommunen, eit arbeid som vart ferdig for ein del år sidan. Men i fylgje Jorunn Finkenhagen ved teknisk etat i kommunen er ikkje registeret skikkeleg ajourført.
Me har dessverre eit stort etterslep når det gjeld oppdateringa av adressene. Heller ikkje er det sett opp skilt over alt, seier ho.
Når det gjeld å kartfeste vegnamna opplyser avdelingsingeniør Rikard Berge at vegnamna er inne på det kommunale kartverket, også digitalt.
Blankt i Nissedal og Fyresdal
To kommunar i vestfylket er heilt utan vegnamn; Nissedal og Fyresdal. Oppmålingsingeniør i Nissedal kommune, Knut Matre, fortel at arbeidet ikkje er prioritert politisk enno.
Arbeidet må truleg i gang, men det er ein lang prosess som sikkert vil ta nokre år, seier han.
Heller ikkje Fyresdal har førebels konkrete planar om å innføre vegnamn.
Artikkelen held fram under annonsen.
Men det kjem til å bli meir og meir aktuelt særleg med tanke på utrykkingskøyretøy, seier avdelingsingeniør Hallgeir Lund.
Innført på Dalen og i Åmot
I Vinje kommune er det, i fylgje ingeniør Magne Kaasa, offisielle adresser berre i Åmot. Der er vegane merka og han fortel at det vil bli laga nummerskilt som blir sende ut til huseigarane.
Hittil er det ikkje gjort vedtak om å tildele offisielle adresser andre stader i kommunen, opplyser han.
I fylgje avdelingsingeniør i Tokke kommune, Ådne A. Naper, er det innført vegnamn på Dalen og i delar av Høydalsmo. Men vegane er enno ikkje ferdig merka. Det vil skje i løpet av nokre år, fortel han.
Men skilting av hus tek ikkje kommunen seg av.
Det blir opp til huseigaren å setje opp, seier avdelingsingeniøren.
Seljord statar i år
I Seljord er ein del vegar i sentrum og i byggjefelta i Seljord og Flatdal døypte.
Men namninga er langtfrå komplett. Heller ikkje er det gjort noko med husnummerering, seier teknisk sjef Kåre Groven.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han opplyser vidare at arbeidet skal i gang i år.
Meininga er å få namna alle vegar i kommunen. Det skal setjast ned ei gruppe som gjer framlegg om namn, før saka skal til politisk behandling, forklarar han.
Likeeins i andre distriktskommunar
Eit par telefonar til bygder i andre dalføre i landet viser at Vest-Telemark ikkje er åleine om å mangle adresser. I Nord-Aurdal kommune i Valdres er det til dømes berre sentrum og byggjefelta i Fagernes som har vegnamn. I Ål kommune i Hallingdal blir det opplyst at alle vegar i kommunen, inkludert ein del av hyttefelta har namn, men berre sentrumsområda av Ål har husnummerering.