Odd Karlberg (77) tok til på arbeidet med ættesoga for Seljord i 1975. Dei siste åra har han fått hjelp av Sigrun Dyrland Eidal (t.v.) og Ingrid Svanheld med å få ferdig det ettertrakta prosjektet.
Odd Karlberg (77) tok til på arbeidet med ættesoga for Seljord i 1975. Dei siste åra har han fått hjelp av Sigrun Dyrland Eidal (t.v.) og Ingrid Svanheld med å få ferdig det ettertrakta prosjektet.

Ettertrakta ættesoge klar

Etter nesten 30 års arbeid kunne endeleg Odd Karlberg (77) presentere den nye ættesoga for Seljord kommune. I løpet av halvannan time blei det selt bøker for 30.000 kroner.

– Eg har nesten vore gift med ættesogene eit halvt liv, og det var ei uverkeleg kjensle då arbeidet var over. Det var ei blanding av lette og sorg, seier Odd Karlberg.

Sidan 1975 har han jobba med ættesoga for Seljord. Året etter blei han engasjert av kommunen med arbeidet vidare. Tysdag blei dei to binda, på i alt 1438 sider, presenterte på biblioteket i Seljord.

Artikkelen held fram under annonsen.

Karlberg kjem frå Oslo og fekk sitt fyrste møte med sjøormbygda i 1960. Han leigde husvære hos Halvor Smeland i Nordbygdi og det var Smeland som sette han på idéen om å føre vidare ættesoga Tov Flatin fullførte i 1953.

– Skreiv utydeleg

Det var ein tidkrevjande og ikkje bare enkel jobb som låg føre Karlberg då han sette seg ned på statsarkivet i Oslo og byrja å lese i kyrkjebøkene frå 1600-talet.

– Fleire av sokneprestane på 1700-talet skreiv svært utydeleg, og mange av kyrkjebøkene var nesten umoglege å lese. I byrjinga skreiv eg av bøkene for hand, men etter kvart tok eg fotokopiar og skreiv kartotek over kvar familie, fortel Karlberg.

I tillegg til kyrkjebøkene har folketeljingane vore ei viktig kjelde i arbeidet.

Dei siste åra har han fått assistanse av Sigrun Dyrland Eidal frå Seljord og Ingrid Svanheld frå Åsgrend til å fullføre soga og sjå til at bøkene blir så feilfrie som mogleg. Karlberg har hatt det moro i dei nesten 30 åra han har granska dei mange slektene i dei ulike bygdene i Seljord.

– Kjennskapen eg har fått til folk i bygda er eineståande for ein som kjem utanfrå, meiner han.

– Me har hatt eit godt samarbeid og det har vore veldig lærerikt, seier Sigrun Dyrland Eidal. Ho blei engasjert i arbeidet i 1995, og for to år sidan kom også Svanheld med.

– Eg har lenge interessert meg for slektgransking. Ein må ha tålmod og ei spesiell instilling i eit slikt arbeid. Takk og lov for at Odd tok på seg dette arbeidet, uttalar Svanheld.

Artikkelen held fram under annonsen.

Enorm interesse

Dei to nye binda av ættesoga skulle eigentleg vore på plass i Seljord måndag. Då dei lét vente på seg kom etterlysingane frå bygdefolket.

– Interessa har vore enorm. Det var folk på døra her måndag og etterlyste sogene. Tysdag blei det selt bøker for 30.000 kroner på halvannan time, informerer kultursjef i Seljord, Bernt Solvoll.

Det er trykt opp 1.000 bøker av kvart bind med ein pris på 450 kroner for dei som har førehandstinga. I tillegg er dei tri tidlegare binda i ættesoga trykt opp på ny. I alt trur Solvoll kommunen har investert rundt tri millionar kroner i prosjektet sidan starten på midten av 70-talet.

Grovarbeidet med ættesoga var ferdig for to år sidan. Etter den tid har opplysingane om dei ulike slektene liggje ute for at innbyggjarane har kunne sjekka og eventuelt justere fakta.

Fram til i dag

Sjølv om dei to nye binda rettar opp manglar og feil frå den tidlegare utgåva av ættesoga, understrekar Karlberg at dei tri fyrste binda ikkje har mista verdi.

– Det er mykje som ikkje har fått plass i den nye. Dei gamle ættesogene er svært leseverdige i dag, spesielt fordi Flatin har med mange historier om personar, fortel Karlberg.

Lite informasjon om husmennene og manglande fødsels- og dødsår på mange personar, kombinert med ynskje om å føre ættesoga fram til notida, er bakgrunnen for dei nye binda; nummer fire og fem i soga frå Seljord.