Even er topp fem i Noreg
Even Nordbø var skuffa over eigen innsats etter fredagens normalprogram i hovudlansdrennet i skiskyting. Det skulle vise seg at den unge fyresdølen kom sterkt tilbake eitt døgn seinare.
Det var nemleg berre fire av dei nærare 130 konkurrentane som hamla opp med den framgangsrike skiskyttaren på sprinten laurdag. Det trass i at Nordbø ikkje fekk ut potensialet på standplass. Niandeklassingen hadde forhåpningar om å skyte åtte treff eller meir, og det har han gjort i fleire renn i vinter. På normalen måtte han tole heile åtte strafferundar. Dermed var det til liten hjelp at farten i sporet var høg.
Åtte bom på normalen blei til tri på sprinten. Det var ingen av dei beste som heldt like stor fart som den energiske ungdomsskuleeleven. Even prikka inn fire skot på fyrste skyting. Han hadde ei av dei beste passeringstidene inn til andre skyting. To bom spolerte dessverre sjansen til å stå øvst på sigerspallen, men det lokale håpet i hovudlandsrennet kunne likevel gle seg over stor framgang.
Artikkelen held fram under annonsen.
Langt trøndelagsopphald
Det var for så vidt topp-ti-plassering som var målet då eg kom hit. Eg var klar over at det ville bli vanskeleg, men eg er fornøgd med at eg klarte det, sa den sympatiske tenåringen.
Even gjorde det også bra i Kvalfoss-sprinten tidlegare i vinter, og prova nok ein gong at han tilhøyrer noregseliten i si årsklasse når alt klaffar. Kvalfoss-sprinten er ved sidan av hovudlandsrennet det mest prestisjefylte arrangementet for denne aldersgruppa.
Det var tri trøndarar og ein vossing som hamla opp med Nordbø. Det kan vere duka for eit nytt møte mellom dei same løparane i slutten av mars. Alle aspirerar nemleg til ein plass i den prestisjefylte Young Star finalen. Uttaket blir klart i løpet av kort tid.
Even var også i aksjon for Telemark og Vestfold-laget som blei nummer ni i sundagens stafett. Rett etter sette han kurs for heimfylket att etter halvanna veke i Trøndelag.