Even Nordbø blir gratulert av tidlegare skiskyttarstjerne Halvard Hanevold.
Even Nordbø blir gratulert av tidlegare skiskyttarstjerne Halvard Hanevold.

Even knuste alle

Even Nordbø frå Fyresdal knuste alle i laurdagens Kvafoss-sprint i Bærum. Sundag blei skiskyttaren nummer to.

På laurdagens sprint skaut Even Nordbø (15) ni treff av ti moglege. Frå før har han vist at farten i sporet er stor. Kombinasjonen gjorde at ungguten frå Fyresdal gjekk heilt til topps i den prestisjetunge konkurransen. Nordbø var 19 sekundar føre nummer to, Sindre Fjellheim Jorde, frå Asker Skiklubb. Det var 89 startande i klassa til Nordbø.

Sterkt av Fossli

Nissedølen Torjus N. Fossli går også for Fyresdal skiskyttarlag (FSSL), og han viste lovande takter i helga. Fossli går i 14-årsklassa, og av 87 startande, gjekk han inn til ein god 21. plass laurdag. Fossli trefte på halvparten av dei ti skota han avfyrte mot blinkane. Vinnar blei Aleksander Fjeld Andersen, Geilo IL.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sundag var det normaldistanse i skiskyttaranlegget til Fossum IF i Bærum. Nordbø var ikkje like treffsikker på standplass denne dagen og måtte sjå at det blei tri bomskot. Likevel gjekk han så fort i sporet at det blei ein sterk andreplass på den lovande løparen.

Rollebytte

Sylvmedaljevinnaren frå laurdagens sprint, Sindre Fjellheim Jorde, trefte med ni av sine skot, og kneip dermed fyrsteplassen eitt minutt og 24 sekundar føre Nordbø.

Fyresdølen har litt å gå på med tanke på skytinga, og skulle han klare fullt hus på standplass, er det per i dag få som kan hamle opp med stortalentet. Med tanke på at Kvalfoss-sprinten var kvalifiseringsrenn til å kome med på Young Star, ligg Nordbø godt an. Neste kvalifiseringsrenn er Hovudlandsrennet. Fire av seks renn er teljande.

Torjus N. Fossli gjekk eit veldig bra renn sundag, og sjølv med fem bom blei han til slutt nummer 15, berre eitt minutt og 15 sekundar bak vinnaren, Johannes Dale frå Fet Skiklubb. Med betre skyting kunne Fossli fort ha blanda seg heilt i tetstriden.