Eventyret Olai Lie
Olai Lie debuterte i gubberenn som 72-åring og hoppa aktivt til han var 92 år. Dei ti gullmedaljane frå veteran-VM har no kome på plass i kulturhuset på Dalen.
19. januar var det 100 år sidan Olai Lie blei fødd på Lie på Åmdals Verk. I kulturhuset på Dalen fekk endeleg den rikhaldige premiesamlinga til «verdas eldste skihoppar» plass.
Det var ein gong Olai Lie, innleidde Arne T. Aabø då premiesamlinga blei avduka.
Artikkelen held fram under annonsen.
For det var eit eventyr. Eventyret Olai Lie, heldt han fram.
Treski som rann dårleg
Etter 37 år utan hoppski på beina tok Olai Lie dei fram att i 1985. Han debuterte på gubberenn i Austheii som 72-åring. Då er som regel «gubbane» på hell av karrieren, men for Olai var det starten på eit hoppeventyr.
Arne T. Aabø hugsar godt det fyrste møtet med den debuterande veteranen.
Eg la merke til ein gamal mann på gamle treski som rann dårleg. Han landa på 8, 9 og 10 meter. Det var Olai Lie. Ein ungdom som var eitt år for ung til å vera med på gubberennet hadde nye moderne, fljote ski. Han spurde Olai om han ville låne skia. Det gjorde han, og han la med ein gong på 4, 5, 6 meter, og vann klassa over 70 år, mimra Aabø til dei frammøtte i kulturhuset.
Det var starten på ei aktiv veteranhoppkarriere. Lie var midtpunktet på gubberenna. Utan at han baud seg fram eller var dominerande, samla folk seg rundt Lie som alltid hadde ein replikk eller historie å fortelje.
I 1990 deltok Lie for fyrste gong i veteran-VM i Lake Placid i USA. Han kom heim med sylv, men det hadde vore gull om aldersspennet i klassa hadde vore som det var seinare.
Sidan deltok han i ti VM. Olai Lie tok gull i alle meisterskapa. Frå Zakopane i Polen i 2003 er det publisert fylgjande på nettstaden skijumpeast.com: «Den eldste aldersgruppa ville vore 6569 år, om det ikkje hadde vore for den fantastiske Olai Lie frå Noreg som blei 90 i januar og som hoppa nydeleg i 35-metersbakken, og til 20 i stil frå dei fem dommarane».
I 2005, 20 år etter veterandebuten, avslutta han karrieren, også det på gubberenn i Austheii. Arne T. Aabø minnest at Lie var seint ute.
Artikkelen held fram under annonsen.
Olai kom omsider. Han såg bleik ut og var ikkje frisk, men han gjekk rett bort til bakken og sette utfor. Eg var småredd, men den som stod, det var Olai Lie. Og han stod i alle dei tre omgangane i rennet. Heilt utruleg i ein alder av 92 år, sa Aabø.
Krinsmeister
Olai Lie voks opp på Åmdals Verk i eit aktivt skimiljø. Mange utøvarar hevda seg i toppen i Vest-Telemark. I 1940 blei han krinsmeister i spesielt hopp i Vråliosen. Så kom krigen, som øydela for Lie og mange andre framandstormande skiløyparar. Men i 1947 var han tilbake i konkurranse og blei krinsmeister igjen. Då blei han tatt ut til NM i kombinert. Nesten 100 deltakarar stilte til start. Lie blei nummer 29. Det mangla ein plass på å få premie.
Han var fyrst og fremst hoppar og hadde ikkje ordentlege langrennsski, men i bakken var han blant dei ti beste i konkurransen der Simon Slåttvik var best, mimra Aabø.
Fekk ikkje oppleve Kollen
Den store opplevinga hadde Lie i Narekollen på Nordagutu. Bakken var rekna som den største i Europa på den tida, men det var ikkje lov å hoppe over 100 meter. Då ein prøvehoppar nærma seg den magiske lengda, blei hoppet flytta 10 meter fram. Olai Lie var med, og etter rennet reiste han tilbake. Han tok større fart og det hadde frose på i overrennet. Lie meinte sjølv han hoppa nærare 100 meter.
Han fekk kjensla av å sveve, sa Aabø.
Olai Lie fekk aldri oppfylt draumen om å hoppe i Holmenkollen. Skikken var at krinsmeistrane blei tatt ut. Derfor rekna Lie med å hoppe i nasjonalanlegget i 1947. Men reglane blei endra. Det blei uttakingsrenn i Kviteseid. Lie blei nummer 4, og Kollen blei ein draum.
Det var han skuffa over og det var nok litt sårt, sa Aabø.
Det blei elles sagt at Lie hadde ein uvøren og uredd hoppstil, i og med at han la seg veldig på. Hovudet var nesten mellom skia i svevet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sette kommunen på kartet
I 2003 fekk Olai Lie Tokke kommunes kulturpris. Verdas eldste skihoppar hadde med ti VM-gull sett kommunen på kartet. Han var ein god ambassadør for Tokke. I 2005 kom han innom Aabø på kulturkontoret på Dalen. Han hadde innsett at hoppkarrieren var over.
Han ville gje premiesamlinga til kommunen. Kultur- og oppvekstutvalet bestemte at ho skulle få ein sentral plass når kulturhuset stod klart. Av ymse grunnar har det tatt tid, men no kan me presentere ei imponerande samling, avslutta Arne T. Aabø, før han og Olav B. Dalen som har laga skåpet, avduka samlinga.
Olai Lie døydde 25. juni 2008.