Dag Rorgemoen, konservator ved Vest-Telemark Museum, registrerer med glede at arbeidet med det konsoliderte museet gjev resultat. Statsbudsjettet ber bod om ei dobling av statstilskotet.
Dag Rorgemoen, konservator ved Vest-Telemark Museum, registrerer med glede at arbeidet med det konsoliderte museet gjev resultat. Statsbudsjettet ber bod om ei dobling av statstilskotet.

Færre kommunekroner enn venta

Kommunanes Sentralforbund er skuffa over at statsbudsjettet til regjeringa ikkje inneheld like mykje pengar til kommunane som førespegla i vår. Men regjeringa lovar å kompensere auka arbeidsgjevaravgift, i alle fall for kommunane og fylka. Elles kan forslag om endring av kraftskatten redusere inntektene til kraftkommunane. Vest-Telemark Museum er budsjettvinnaren, og ligg an til å få dobla statsstøtta neste år.

Frå nyttår får Noreg ikkje lenger lov til å ha differensiert arbeidsgjevaravgift. Det betyr auka avgifter for mange kommunar og næringsverksemder. I framlegg til statsbudsjett lovar regjeringa at dei auka avgiftsinntektene som kjem inn, alle skal bli ført tilbake til kommunane og fylka.

– Det er positivt. Men for næringslivet ligg det ein del problem framover. Regjeringa lovar tiltak gjennom ulike ordningar for næringslivet. Men det står att å sjå, seier Vinje-ordførar Børre Rønningen, leiar i aksjonskomitéen for differensiert arbeidsgjevaravgift.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han gjev ikkje opp kampen om å få utsett iverksettinga av nyordninga til 1. januar 2005.

Kraftkommunar under press

Regjeringa føreslår endringar i skattlegginga av kraftverk. Den er ikkje heilt god å svelgje for Rønningen.

– Endringa kan bety bortfall av over 100 millionar kroner for kraftkommunane. Det er skummelt for kommunane i Vest-Telemark, Tinn og Hjartdal, dei åtte kommunane som er med i fellesfondet, meiner Vinje-ordføraren.

KS synest lite om at regjeringa føreslår ein vekst i inntektene til kommunane som er 1,75 milliardar kroner mindre enn det stortinget vedtok i vårens kommuneproposisjon. Regjeringa meiner eit stramt kommuneopplegg vil vere ein fordel for kommunane, då det vil vere med på og dempe pris- og lønsveksten.

– Rammene må aukast to prosent meir enn det regjeringa vil. I tillegg må det på plass ein plan som bringer balansen tilbake i kommuneøkonomien i løpet av dei næraste åra, seier Halvdan Skard, styreleiar i KS.

Han er svært lite nøgd med at regjeringa Bondevik fører kommunane inn i det sjuande magre året på rad. Konsekvensen er at mange køyrer mot underskot.

Litt auke til vegvedlikehald

I statsbudsjettet har Statens vegvesen Region Sør fått ei ramme på totalt 1.730 millionar kroner til investeringar. Det tyder at fylka Buskerud, Vestfold, Telemark, Aust-Agder og Vest-Agder kan kjempe om 350 millionar kroner meir enn i år. Ingen av investeringane er plassert i Vest-Telemark.

På landsbasis er midlane til vedlikehald av vegar auka med 120 millionar kroner, pengar som er øyremerka asfalt. Vegdirektoratet fordeler potten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Budsjettet er stramt, men gjer det mogleg å oppretthalde nivået innan drift og vedlikehald i forhold til i 2003, seier regionvegsjef Andreas Setsaa i Region sør.

Midlar til kalking blei likevel ikkje redusert i revidert nasjonalbudsjett i vår, etter at opposisjonspartia hadde sagt sitt. Regjeringa går på ny til angrep på kalkingspotten i statsbudsjettet som blei lagt fram i går, og føreslår å redusere potten frå 98 til 83 millionar kroner.

– Nok ein gong vil regjeringa redusere innsatsen mot sur nedbør, sjølv om stortinget kvart år instruerer om å auke løyvinga. Blir kutt på 15 millionar kroner ein realitet, vil vatn igjen bli sure og fisk døy, åtvarar Norges Jeger- og Fiskerforbund.

Vest-Telemark Museum budsjettvinnar

– Dette er ei stor glede, seier Dag Rorgemoen, ein strålande nøgd konservator ved Vest-Telemark konsoliderte museum. I framlegget til statsbudsjett får museet meir enn dobla statstilskotet.

– Me har fått tilbakemelding om at arbeidet me er i gang med er rett, slår Rorgemoen fast. I år er tilskotet på 937.000 kroner, neste år aukar det med 1 million.

Vest-Telemark Museum er eitt av ti museum i heile landet som får auka statstilskot neste år.

Honnør til kommunane

– Det er grunn til å rette ein stor honnør til kommunane i Vest-Telemark, som har vore med i prosessen for å få til det konsoliderte museet. Kommunane har gjort avtaler om tilskot, noko som gjer tilskota synlege, og dermed ser ein at det er grunn for staten å gå inn med meir midlar, seier Rorgemoen. Han opplyser at målsetjinga for musea er ei deling med 40 prosent lokal finansiering og 60 prosent frå staten.

– Ein ser no at innsatsen har gjeve resultat, seier Rorgemoen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Telemark peikar seg ut

I grunngjevinga for å auke tilskotet til Vest-Telemark Museum seier Kultur- og kyrkjedepartementet mellom anna:

– Når ein vurderer utviklinga av ein samla og avklart struktur i dei enkelte fylka, er det særleg Telemark og Nordland som peikar seg ut med omsyn til innhald og framdrift i konsolideringsarbeidet det siste året. Det blir derfor føreslege å auke tilskotet til tre konsoliderte institusjonar i kvart av desse to fylka.

I Telemark får Telemark Museum, Vest-Telemark Museum og Norsk Industriarbeidermuseum auka tilskota sine.

– Dette er eit steg på vegen. Men det er att eit godt stykke før me er på det nivået me skal vera, seier Dag Rorgemoen.