Ei bestemor, dottera og barnebarnet fekk seg litt av ein støkk då det kom jakthagl på dei ved turstien. (Illustrasjons

Familie på tur fekk jakthagl på seg

Ei bestemor, dottera og barnebarnet blei vettskremte då det kom jakthagl på to av dei ein folksam dag på Kyrkjebygdheia. Ein grunneigar trur det har vore tjuvjakt i området.

Publisert Sist oppdatert

Unni Gudbrandsen bur i Grimstad og har hatt hytte ved Sylvtjønn på Kyrkjebygdheia i Nissedal i mange år. Ei så ekkel oppleving som ho opplevde laurdag 14. oktober har ho aldri vore borti før. Hendinga førte til at ho skreiv dette på Facebook:

«Til deg som jakta i umiddelbar nærleik av stien ned frå Skornetten mot Sylvtjønn i dag: Det var svært folksamt i heia i dag, så det er temmeleg uforståeleg at nokon fyrar laus med hagle i flott turvêr ein tidleg laurdag ettermiddag. Mitt barnebarn og mi dotter blei treft av hagl, og høyrde tydeleg at fleire hagl trefte steinane rundt oss. Det blei heldigvis ingen personskade, men håpar rette vedkomande har jegervettet i behald neste gong. Hendinga var svært ubehageleg!».

Brøla til

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS