Dagens minibank i Treungen vil snart bli byta ut med ein automat der lag og næringsliv kan setje inn setlar døgnet rundt. Øyvind Tveit er godt fornøgd med løysinga som kom etter møte med blant andre lokalbanksjef Ellen Sofie Skansen og regionbanksjef Torhild Landberg Felle (t.v.).
Dagens minibank i Treungen vil snart bli byta ut med ein automat der lag og næringsliv kan setje inn setlar døgnet rundt. Øyvind Tveit er godt fornøgd med løysinga som kom etter møte med blant andre lokalbanksjef Ellen Sofie Skansen og regionbanksjef Torhild Landberg Felle (t.v.).

Får framleis setje inn pengar i lokalbanken

Snart må ein gjere avtale for å kome inn i lokalbanken i Treungen. Øyvind Tveit er glad for at det i framtida likevel blir mogleg for lag og næringslivet å sette setlar inn i banken, og det døgnet rundt heile året.

Nyleg omtala VTB at lokalet til Sparebanken Sør i Treungen snart vil vere stengt heile veka, men folk kan gjere avtaler om å møte banktilsette der for ein kundeprat.

Nissedølen Øyvind Tveit har sidan 2008 vore kundevalt representant for Øvre Telemark i forstandarskapet til Sparebanken Sør, som har hovudkontor i Kristiansand. Vidare er han leiar i valkomiteen som innstiller kven som skal sitje i forstandarskapet. Sistnemnde innstiller på kven som skal sitje i bankstyret.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det har vore veldig god dialog mellom forstandarskapet og styret. Eg var kjent med at det ville skje endringar, men ikkje konkret kva dei gjekk ut på. Eg blei skuffa då eg såg at banken i Treungen ikkje lenger skulle ha opne dører. Eg er klar over at som medlem i forstandarskapet har eg ikkje innflytelse når det gjeld nedlegging av kontor – det er det styret som avgjer. Men som medlem burde eg hatt eit varsel om stenginga på førehand, og det er administrasjonen i Sparebanken Sør einig i at var ein glipp, seier Tveit.

Betre ordning

Nyleg var Tveit i møte med toppadministrasjonen i Sparebanken Sør, lokalbanksjef Ellen Sofie Skansen i Treungen og regionbanksjef Torhild Landberg Felle, som i utgangspunktet er stasjonert i banken i Åmli.

– Me fekk snakka ut, og for meg var det veldig nyttig. Næringslivet og eit veldig aktivt lag- og organisasjonsliv i kommunen har behov for å ta ut og sette inn pengar i banken. Det blei signalisert at denne moglegheita ville forsvinne i banken. Det er eg oppteken av at ikkje skal skje, og eg er glad det no alt er bestilt ein innskotsautomat, seier Tveit nøgd.

Løysinga i Treungen blir å fortsetje med minibanken, men dette skal då vere ein automat der ein også kan setje inn setlar, heile døgnet.

– Med innskotsautomat blir det betre ordning enn tidlegare, seier Tveit.

– Og har nokon behov for å ta ut vekslepengar, kan dei ringje på førehand så ordnar me det, seier lokalbanksjef Skansen.

I Treungen om ti år også

Tveit har vore klar på at lojalitet til banken han har hatt i mange år, har noko med nærleiken å gjere. Han ser det er store endringar i den digitale verda, og at det no ikkje lenger er behov for bank bemanna og ope fem dagar i veka.

– Det som er veldig viktig for meg er at ved avtaler vil nissedølane framover kunne møte banktilsette her. Me må øve oss meir i å gjere avtaler. Og eg er glad for at me har ein bank som vil vere ute i distrikta i tider me veit det er stor konkurranse i bankmarknaden. Det eg har landa på no er at eg er godt fornøgd med løysinga som blir framover i banken i Treungen, seier Tveit.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me gjer endringa fordi me vil vere her om ti år også, understrekar regionbanksjef Felle.

Banken i Treungen har nær 1 900 kundar, fleire hundre meir enn folketalet i Nissedal kommune.

– Etter at bankendringa i Treungen blei kjent, har nokon ringt Sparebanken Sør og ville flytte over til annan bank?

– Nei. Folk forstår endringa me må gjere, er svaret frå dei to banksjefane.