Får ikkje skuleskyss held barna heime
Ildiko Korzelius og Ed Koopman i Treungen vel å halde dei to barna sine heime frå skulen, etter at Nissedal kommune har sagt nei til fri skuleskyss. Eg forstår ikkje at pengar er viktigare for kommunen enn tryggleiken for skulebarn. Barna våre går langs ein særdeles farleg vegstrekning, seier ei skuffa Korzelius. Tone L. og Helge Reinholt fekk også avslag på fri skuleskyss for barna sine. No blir kommunen beden om å vise fleksibilitet.
Dei to barna (4. og 6. klasse) til Tone L. og Helge Reinholt på Lia 3,5 kilometer nord for Tveit skule manglar 500 meter for å få fri skuleskyss. Ildiko Korzelius og Ed Koopman sør i Treungen manglar bare 200 meter for å sleppe å betale nær 10.000 kroner årleg med tanke på at dei to tenåringane i familien brukar buss til skulen.
I august søkte Reinholt om fri skuleskyss på det dei meiner er ein trafikkfarleg skuleveg. Noko svar kom ikkje, slik at kommunen mottok nytt skriv i desember med etterlysing av svar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Korzelius og Koopman hadde ikkje lyst til at barna skulle gå langs ein særdeles farleg vegstrekning der det eit stykke også er 80-sone, og bad 3. desember om at kommunen kosta rekninga for skulebuss. Etter ikkje å ha høyrt noko, sende paret nytt brev i slutten av januar.
Innskjerping
Då heiv kommunen seg endeleg rundt for å handsame søknadene. Det var ikkje akkurat eit positivt svar Benedikte Vonen, kommunalsjef personal og utvikling, gav i brev datert 29. januar. Fyrst av alt sa kommunen seg svært lei for at det ikkje hadde kome svar tidlegare.
Søknaden om fri skuleskyss blir ikkje imøtekome, konkluderte Vonen til båe foreldrepara.
Det blei vist til eit kommunestyrevedtak rundt kva som skal definerast som særleg eller vanskeleg skuleveg. Enkelte konkrete strekningar gjev rett til fri skuleskyss for elevane i 1. - 4. klasse. Ordinære reglar gjeld for alle elevane frå og med 5. klasse.
Dette vedtaket var ei innskjerping av tidlegare reglar for fri skuleskyss i kommunen, slik at tidlegare praksis ikkje har relevans for vedtaket, skriv Vonen, og legg til at avgjerda kan påklagast til formannskapet.
Tok barna ut av skulen
Korzelius og Koopman reagerte momentant med å ta dei to tenåringane sine ut av skulen dei fire av fem dagane ein av foreldra ikkje har høve til å køyre dei. Alternativet no er at dei to ungdomsskuleelevane heller lærer på heimebane.
Eg er sur. Det har ikkje noko å gjere med skulen, for der har barna det bra. Eg forstår ikkje at pengar er viktigare for kommunen enn tryggleiken for skulebarn, seier Korzelius til VTB.
Ved fleire høve har sonen i familien opplevd farlege situasjonar i møte med trafikk. Då han sykla til skulen ein dag, var ein lastebil bare centimeter frå han og det enda i grøfta med eleven.
Artikkelen held fram under annonsen.
Rett ved utsida av heimen stoppar skulebussen for å ta på to andre og mindre barn som har fri skuleskyss. Det gjer det endå verre for Korzelius og Koopman å forstå kommunens haldning i saka.
Får ikkje lov å gå
Eg forstår godt at Korzelius og Koopman held barna heime. Me kjem ikkje til å gjere det, fordi me stort sett har høve til å køyre dei til skulen, seier Helge Reinholt til lokalavisa.
Han hadde venta eit positivt svar frå kommunen, for det fekk han som skuleelev i si tid.
No er det mange gonger meir trafikk og mykje tungtransport. Barna mine får ikkje lov til å gå til skulen på noko som ikkje er skuleveg. Det er livsfarleg for barn å gå der, slår Reinholt fast.
Han ynskjer elles folk velkomen til Lia slik at dei kan bli med og gå vegstrekninga ein morgon til Tveit skule, ei tid det er mykje trafikk på det som også er ei temmeleg lang 80-sone.
Nissedal kommune prøvar å få tilflytting. Kva signal gjev det negative svaret til fastbuande? Går det an å vere så firkanta? Det er viktig at kommunen viser eit godt servicenivå, meiner Reinholt.
Klaga momentant
Når ein elev har trafikkfarleg veg å gå til skulen, meiner Reinholt at det skal vere fri skuleskyss, også om det er snakk om korte avstandar.
Det er andre også som bør få fri skuleskyss, for vegen er trafikkfarleg, seier han, og tenkjer både nord og sør for Treungen sentrum der det ikkje er gang- og sykkelveg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Båe familiane har på flekken klaga på vedtaket dei fekk frå kommunen. Reinholt er optimist med tanke på eit positivt svar frå formannskapet 4. mars.
Me håper at vedtaket skuldast ei misforståing eller eit arbeidsuhell. Om kommunen meiner denne vegen ikkje er farleg, kan det vere lurt med ei synfaring. Det bør vere slik i kommunen at båe foreldra kan ha full jobb og at barna kjem trygt til skulen, skriv Reinholt i klaga, og minner om at uansett køyrer bussen forbi Lia.
Avslaget har etter vår meining ingen saklege argument, i høve til reelle fakta i saka. Elles vil me også klage på at me venta 6 månader på svar, avsluttar Reinholt.
Kva er skilnaden på eit barn i 4. klasse og eit barn i 8. eller 10. klasse om det blir køyrd i hel? Skal me eller kommunen vente med å få trygg skuleveg til det har skjedd ei ulykke? Då er det for seint. Vil det hjelpe om barna våre går 200 meter motsett veg og går på bussen der, spør Korzelius og Koopman i klaga si.
Me har budd i Treungen i 5 år og håper på like fin behandling som då me flytta hit, blir det avslutta med.