Får instrumentet til å syngje
Johnny Jamgrav har ein hobby utanom det vanlege. I verkstaden heime i Seljord byggjer han gitarar. Dei blir bra. Så bra at ein av landets beste gitaristar, Knut Reiersrud, brukar ein Jamgrav-gitar på plata han slepper om ei veke.
1. august slepper Knut Reiersrud albumet Aftonblues. Eit kutt frå denne plata, Scrapper Blackwell's Backdoor Blues, er lagt ut på nettstaden Youtube. Gitaren han brukar der er laga av Jamgrav. Vest-Telemark blad spurte Reiersrud kva han synest om gitaren.
Eg fekk fyrste gong prøvd ein Johnny Jamgrav-gitar hjå spelemannen Hallvard T. Bjørgum sommaren for to år sidan. Eg blei totalt forelska i klangen den litt sprø og kornete mellomtonen som verkeleg fekk instrumentet til å syngje ut i frå spelestilen min. Gitaren er liten, bygd på prinsipp frå gamle Martin-gitarar frå mellomkrigstida. Det gjer at han får eit meir definert tonespekter enn dei store stålstrengsgitarane som blei rådande frå 1950-talet og framover, og som ofte har ein overdriven bassfrekvens. At gitaren er aldeles nydeleg å sjå på er heller ikkje noko ulempe, er godorda frå den eminente gitaristen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sjølvlært
Johnny Jamgrav har spela gitar sidan han var ein gutunge, mest til husbruk, men også saman med kompisar. Fingerspel er det han brukar mest. Så fekk han lyst til å lære å spela clawhammer, ein måte å spela banjo på. Men han hadde ingen banjo. Så då måtte han laga seg ein ... I 2004 kjøpte han eit byggesett, ei pakke, og laga seg ein banjo. Vellykka. Så balla det på seg.
Det meste av det eg har lært har eg fått via internett. Fyrste gitaren eg laga var frå halvfabrikata. Deretter byrja eg å lage dei frå botnen av. Eg kjøper gjerne fyrst ferdige delar, og så ser eg korleis dei er laga. Så lagar eg det sjølv. Det har vore mykje prøving og feiling under vegs, forsikrar instrumentmakaren.
Å byggje ein gitar
I kjellaren heime på Moen har Johnny Jamgrav etter kvart opparbeidd seg eit solid materiallager. Hyllene er fyllt opp av til dels eksotiske treslag virke som han tingar frå USA og Tyskland. På heimesida si viser instrumentmakaren prosessen fram til ferdig instrument: Fyrst europeisk gran til lokk. Slipinga av lokket er eit av dei viktigaste stega i arbeidet med å få fram rette lyden i gitaren. Dinest løn til sarg, som er sidestykka, og til baksida. Så mahogny til halsar. Dette er éin av gitarane. I andre brukar han anna virke.
Treet gitaren er laga av, påverkar klangen. Slik Jamgrav viser oss, er det vanleg å bruke gran i lokket, fordi gran veks seint og er eit hardt virke, og det gjev fin klang. I kroppen blir oftast mahogny eller rosetre bruka. Mahogny gjev visstnok ofte ein ljosare klang, medan rosentre gjeve noko meir bass.
Så held prosessen fram med liming av spant på lokket.
Spanta er viktige for lyden. Men det er lokket som tyder mest, fortel han.
Neste steget er å frese ut rosetten, som for ikkje-kjennarar er ringen rundt lydholet. Så skal rosetten pussast, før sargen altså sidestykket skal bøyast. Til det brukar gitarmakaren eit varmeteppe. Heile sargen blir til slutt formpressa. Så skal samanføyingane i gitarkroppen fresast, før halsen blir tilpassa, og kantlistene, som er av treslaget koa og kjem frå Hawaii, lima.
Dekor og polering
Deretter skal intrumentet pyntast. Rosetten blir dekorert med innlegg av paua, som er skjell frå New Zealand. Hovudet dekorerer han også med paua, før stemmeskruane blir montert. Så gjenstår poleringa som er arbeidskrevjande og tek lang tid. Han brukar ein svært gamal metode. Til poleringa brukar han shellack, det same stoffet som til dømes blir bruka for å få blank overflate på sjokolade. Denne lakken blir møysommeleg gnidd inn med ein ulldott med lommetørkle utanpå. Siste operasjon er å setje på strengene. Og vips ferdig.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vel me snakkar ikkje akkurat om vips. Jamgrav har fleire gitarar under arbeid samstundes, og produserer om lag fire i året. Kor mange timar han brukar, anar han ikkje. Men det er ingen tvil om at det er eit omstendleg og nøyaktig handverk, som kombinert med teknikk og musikalitet fører fram eit resultat som blir endeleg fullbyrda fyrst i møte med den som trakterar instrumentet. Og Johnnys gitarar gjev svar, skal me tru musikaren Gunnulf Sletta på Notodden.
Gitarane dine gjev ein respons som er skikkeleg inspirerande. Knallgod lyd, og arbeidet er suverent utført, skriv han på bloggen til instrumentmakaren.
Vekependlar
Konstruksjon av gitarar har blitt ein kjær hobby for Jamgrav, som til dagleg arbeider som elektrikar i oljeserviceselskapet Heibl i Bergen, og er vekependlar. Mange av timane i helga blir bruka i verkstaden heime i Kapteinsgata i Seljord. Der har han etter kvart samla mykje reiskap, materialar og småverktøy. Ikkje mange her til lands driv med same handverket som han truleg er det under ti personar som lagar gitarar frå botnen av.
Produksjonen til Jamgrav har hittil resultert i tre banjoar og nærare tjue gitarar.
Kort om gitarens historie
Sjølv om ulike strengeinstrument har vore bruka til å akkompagnere song opp gjennom historia, er gitaren av nyare dato. Den moderne gitaren blir ikkje rekna for å vera mykje meir enn hundre år gamal. Det er vanleg å skilje mellom tre hovudtypar; stålstrenger/westerngitar, nylonstrenger/klassisk gitar og elgitar. I 1916 blei Dreadnought-gitaren fyrste gong laga. Namnet kjem frå eit engelsk skip som visstnok skulle likne i forma. El-gitarane utan ressonanskasse kom i sal på byrjinga av 1950-talet. Dei to mest kjende er Fender Telecaster i 1950 og Gibson Les Paul i 1952.
(Kjelde: viseforum.no)