Faksimile VTB 31. januar 2017.
Faksimile VTB 31. januar 2017.

Får likevel skilte til kommunehuset

Som kjent har kommuneadministrasjonen i Fyresdal flytta inn i næringshagen nede ved Fyresvatn. I den samanhengen søkte kommunen Vegvesenet om å flytte skiltet om kommunehus ned til ein stolpe ved avkøyringa til næringshagen. Undringa var stor då svaret blei nei. Kommunen klaga, men Vegvesenet stod på sitt og hadde stor tru på at Vegdirektoratet ved endeleg avgjerd i klagesaka ville vere samd i avslaget om skilting.

Saka er no avgjort i det interne klageforumet til Vegdirektoratet. Der handsamar ein alle klagesaker som kjem inn, slik at dei skal bli mest mogleg likt vurdert.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vegdirektoratet gjev Fyresdal kommune medhald i klaga på søknaden om skilt til kommunehuset frå fylkesvegen.

«Slik me vurderer det, gjev gjeldande føresegn rom for å tillate skilting til kommunehuset i dette tilfellet. Me har mellom anna lagt vekt på at skiltmengde på staden ikkje er særleg stor og at trafikktilhøva er oversiktlege. Me meiner dessutan at skilting kan hjelpe trafikantar som er ukjende i området til å finne fram til kommunehuset», står det i endeleg vedtak.

Vegdirektoratet opplyser at det vil bli sendt kopi av vedtaket til vegavdelinga i Telemark, som vil sørge for praktisk oppfylging av saka.