I november var Nissedal-ordførar Halvor Homme (t.v.), landbruksrådgjevar Peter Rieber-Mohn og rådmann Sverre Sæter på synfaring saman med pelsdyrhaldaren. Trioen har no verktøy som kan bli ei dyr oppleving for eigaren.
I november var Nissedal-ordførar Halvor Homme (t.v.), landbruksrådgjevar Peter Rieber-Mohn og rådmann Sverre Sæter på synfaring saman med pelsdyrhaldaren. Trioen har no verktøy som kan bli ei dyr oppleving for eigaren.

Får på pelsen i flugesaka

Den største pelsdyreigaren i Haugsjåsund får no kniven på strupen frå fleire hald for å slå i hel flugeplagene som haglar over lokalbefolkninga.

Dei mangeårige flugeplagene frå Berlimoen pelsdyrområde har igjen vore tema blant lokalpolitikarane i Nissedal. Nyleg tok ordførar Halvor Homme (Ap) opp saka både i formannskapet og kommunestyret.

Ei helg for ikkje lenge sidan var det eksplosjon av fluger i Haugsjåsund. Det eskalerte slik at folk som også held til utanfor bustadområdet som vanlegvis har blitt flugeinvadert, fekk føle helseproblemet på nakken. Det høyrer med at barnehagen i Haugsjåsund er blant dei som får besøk av levande fluger rundt måltid og elles, men flugefangarar avhjelper problemet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordføraren har fått positiv tilbakemelding frå fylkeslegen om at ein kan ta i bruk folkehelselova i fluge- og pelsdyrsaka.

Færre dyr og minkskur

– Ingen ting er viktigare for oss enn friske og gode heimar i Nissedal. Er formannskapet einig med meg i å spørje kommunestyret seinare i dag om ordføraren kan få fullmakt til å gjere tiltak på eigars kostnad i sommar, undra Homme, og møtte ingen motstand.

Til hausten er planen hans å gje kommunestyret ei sak som går meir djupt på løysingar av problemet.

– Kva tiltak er det?

– Færre pelsdyr og fjerning av dårlege minkskur, svarar ordføraren VTB i ein pause.

Rådmann Sverre Sæter sa til formannskapet at landbrukskontoret no gjev den store pelsdyrhaldaren, faktisk Noregs største, gebyr om han ikkje ordnar opp. Dyreeigaren har i fylgje rådmannen ikkje oppfylt lovnaden om å fjerne gjødselslaga som år etter år har blitt til ved minkskura.

– Han får ein frist på seg til å fjerne laga. Han har kniven på strupa, sa Sæter.

Om ikkje pelsdyreigaren innan 12. juli har utbetra anlegget i samsvar med avtala han var med på sist november, kan det bli vedteke både forureiningsgebyr og tvangsgebyr. Storleiken på gebyra er ikkje fastsett.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kostbart tiltak

Då ordføraren lyfta den betente saka inn i kommunestyret seinare på dagen, fortalde han om dramatikk og nedringing frå innbyggjarar i Haugsjåsund helga det store flugeangrepet kom.

– Ingen må vere i tvil om at flugene er eit enormt problem og eit stort helseproblem for svært mange innbyggjarar i Haugsjåsund. Eg prøvde for halvtanna år sidan å få Noregs pelsdyralslag på banen, men det var ikkje særleg vellykka. Etter at ordføraren stod fram på fjernsyn for litt sidan, blei saka plutseleg interessant for Noregs pelsdyralslag også, sa ordføraren, og la til at han ikkje er imot pelsdyrnæringa, men at nok er nok i flugeproblemsaka.

Det er i den seinare tida gjort nokre strakstiltak i pelsdyrfarmen, men ordføraren føler seg ikkje trygg av den grunn. Han bad derfor kommunestyret om fullmakt til å gjere tiltak på eigars kostnad denne sommaren. Tiltak kan til dømes vere å få hjelp av eit skadedyrfirma, og ei eventuell sprøyting kan kome på rundt 100.000 kroner. Det er bare ein person som får rekninga.

Ordføraren varsla elles at kommunestyret til hausten vil få ei sak rundt flugeproblemet, og då kan det handle om at dagens tal på 25.000 tisper skal ned.

Lidd lenge nok

– Det hjelper ikkje å redusere talet på tisper om eigaren ikkje gjer reint, repliserte Frank E. Lien (Frp).

– Eg stør ordføraren i alt arbeidet du tenkjer deg. Det er ikkje menneskeleg å ha det slik med alle flugene. Kona mi vaskar i barnehagen der, og seier ho hadde sytt med å hatt eigne barn der, sa Stein Skåli (Sp).

– Eg er veldig glad for at du tek saka så alvorleg. Innbyggjarane i Haugsjåsund har lidd lenge nok, sa Oskar Nordli (Ap).

Også Astrid Eidem Nordal (KrF) og Kari Anne Nordbø (Sp) signaliserte støtte til ordførarens tankar, og fullmakt blei det frå eit samrøystes kommunestyre. Så får sommaren vise om ordføraren set inn tiltak som svir meir for pelsdyrhaldaren enn den lukta innbyggjarane får etter at fluge på fluge har blitt lurt inn i elektriske grillar, i Haugsjåsund.