Fyresdal vil ha mest mogleg trykk på marknadsføringa av kommunen. Derfor kan ikkje Gert Rietman rekruttere for nabokommunane før engasjementet går ut ved nyttår.
Fyresdal vil ha mest mogleg trykk på marknadsføringa av kommunen. Derfor kan ikkje Gert Rietman rekruttere for nabokommunane før engasjementet går ut ved nyttår.

Får rekruttere til bare ein kommune

Nederlendaren Gert Rietman får den eine utlendingen etter den andre til å flytte til Fyresdal. Nå ynskjer også folk frå nabokommunen Nissedal hjelp av Rietman til rekruttering i eiga bygd. Svaret er nei. Nederlendaren har avtale om ikkje å rekruttere for andre på søraustlandet så lenge han jobbar for Fyresdal.

Fyresdal kommune engasjerte tidlegare i år nederlendaren Gert Rietman i om lag 50 prosent stilling ut 2003 for å rekruttere nye innbyggjarar frå utlandet. Prosjektet viser seg å gå svært bra, og den eine nederlandske familien etter den andre er i ferd med å flytte til bygda.

Då Fyresdal kommune laga avtala med Rietman, var dei samde om at nederlendaren ikkje på same tid skulle ta på seg andre rekrutteringsprosjekt på søraustlandet. Dermed er det ikkje mogleg for kommunane i nærområdet å få hjelp av Rietman i år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Strategi for mest mogleg marknadsføring

– Det er naturleg at Rietman konsentrerer seg om Fyresdal. Ei slik avtale har han også med to kommunar i andre delar av landet. Me har engasjert han for å få folk til Fyresdal. Viss han på same tid skulle skaffe folk på søraustlandet, ville det minske trykket på marknadsføringa av Fyresdal, kommenterer Saamund Gjersund, ordførar i bygda.

Det er tydeleg at Fyresdal har lykkast med klausulen der Rietman skal halde seg unna nabokommunane. Fyresdal har fått eit hav av gratisreklame både i inn- og utland for den utradisjonelle måten å rekruttere nye innbyggjarar.

Gjersund ser ikkje noko unaturleg i å ha klausulen med Rietman. Ordføraren samanliknar tilfellet med personalreglementet i kommunen der det heiter at ein må få godkjent jobbar ein har utanom arbeidet i kommunen.

– Skulle Rietman samtidig jobba for kommunar i nærleiken, blir det det same som me tilset ein næringskonsulent som plutseleg ordnar ei etablering i nabokommunen, samanliknar Gjersund.

Nissedølar møtt med nei

Gert Rietman har fått spørsmål frå to privatpersonar i Nissedal om hjelp til å rekruttere nederlendarar til to ulike oppgåver og etableringar.

– Eg har avtale med Fyresdal om ikkje å marknadsføre ein annan kommune i nærleiken medan eg jobbar for dei. Det forklara eg dei to frå Nissedal. Eg skjønar godt at Fyresdal stiller krav om at eg ikkje hjelper nabokommunar samtidig, seier Rietman. Han presiserer at han ikkje har fått offisiell førespurnad frå Nissedal kommune om hjelp.

Nissedalordførar Øyvind Tveit vil ikkje seie kva han meiner om at Fyresdal kommune har avtale med Rietman om at han ikkje kan hjelpe nabokommunane. Det Tveit har å seie i denne saka har han sagt direkte til ordføraren i Fyresdal, opplyser han til VTB.

Førre laurdag var rekrutteringsprosjektet i Fyresdal på nyheitene på TV i Nederland. Det vil truleg føre til at telefonen til Rietman igjen blir raudglødande grunna interessa for den norske bygda. Rietman reknar med at 40 nederlendarar har flytta til Fyresdal i løpet av året.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vest-Telemarkrådet sa nei

Gert Rietman sende i fjor eit brev til mellom anna kommunane i Vest-Telemark der han tilbaud seg å rekruttere nye innbyggjarar frå utlandet. Nissedalordførar Øyvind Tveit tok med seg brevet i oktobermøtet i Vest-Telemarkrådet for å lufte om prosjektet kunne vere noko å satse på. Eit samla råd sa nei til å nytte seg av tilbodet til Rietman. Ordførar Saamund Gjersund var ikkje på det møtet, men sende varaordføraren.

Når kontrakten er ute med Fyresdal ved nyttår vil Rietman vurdere om han skal sende nye tilbod til kommunane i Vest-Telemark om å nytte seg av eit rekrutteringsprosjekt.

– Frå januar er det svært aktuelt å marknadsføre ein annan kommune i Vest-Telemark, eller heile regionen under eitt. Telemark er veldig populær blant nederlendarar, belgiarar og tyskarar. Derfor er det interessant å køyre eit prosjekt til i fylket, seier Rietman.