Ved Lisledale blei straumtilføringa lagt i bakken i fjor, forbi Stordale og til kommunegrensa. Når ein fjernstyrt brytar er på plass i Høydalsmo, skal folk i Kilegrend sleppe eit slikt langt straumbrot som dei opplevde sundag.
Ved Lisledale blei straumtilføringa lagt i bakken i fjor, forbi Stordale og til kommunegrensa. Når ein fjernstyrt brytar er på plass i Høydalsmo, skal folk i Kilegrend sleppe eit slikt langt straumbrot som dei opplevde sundag.

Får snart sikrare straumforsyning

Folk i Kilegrend undrar seg over at straumen var borte så lenge som seks timar sundag, når det i fjor blei lagt kabel til grenda frå nissedalsida. Kraftlaget seier dei skal unngå så lang straumstopp, når alt utstyr snart er oppe og går.

Natt til sundag forsvann straumen for både hyttefolket og innbyggjarane i Kilegrend i Fyresdal. Årsaka til utkoplinga låg ovanfor Reveura sør for Valebjørg.

Folk i Kilegrend synest det er merkeleg at dei måtte vere så lenge utan straum, når det i 2015 blei lagt kabel frå Lisledale eit stykke vest for Tjønnefoss til kommunegrensa mellom Nissedal og Fyresdal. Denne kabelen skal sikre straumforsyninga om det skjer noko galt på linja som kjem frå nord.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Med den nye kabelen burde me fått tilbake straumen langt tidlegare, seier Finn Johansen, som er ofte på hytta si i Kilegrend.

Ikkje ferdig

Nettsjef Gunnar Snarteland i Vest-Telemark kraftlag (VTK) fortel at ein kan bruke den nye og nedgravne kabelen, men om det blir straumbrot må ein køyre til området for å kople til manuelt slik at Kilegrend får tilbake forsyninga. Når då næraste mannskap på vakt er til dømes i Vrådal og straumbrotet skjer midt på natta kan det ta tid.

– Målet var å få alt klart i vår, men prosjektet med fjernstyrt brytar i Høydalsmo er ikkje ferdig. Det blir ferdig i løpet av hausten, så folk må bare ha litt meir tolmod, seier Snarteland.

Om den fjernstyrte brytaren i Høydalsmo hadde vore klar til bruk, seier nettsjefen at Kilegrend ville ha fått tilbake straumen innan ein halv time på grunn av den nesten åtte kilometer lange kabelen som blei grave ned i fjor.

Fiber også

Snart kan folk i Kilegrend gle seg over at dei har høve til å få straumforsyning frå to retningar, men også at det i fjor blei lagt fiber frå Tjønnefoss kraftverk til grenda.

Innan VTK er ferdig med prosjektet til Kilegrend trur Snarteland kostnaden kan kome opp i kanskje åtte millionar kroner.

– Dette er bra for alle, seier han om den store investeringa.