Får utsett frist på Tokkesenteret
Rodney Omdal Karlsen møtte motstand i formannskapet i Tokke, men fekk til slutt ny frist til 1. desember.
Tidlegare denne veka skreiv VTB at Rodney Omdal Karlsen hadde søkt om utsett frist for start på Tokkesenteret. Fristen Karlsen hadde fått var 30. august i år. Han bad om ny frist til andre kvartal av 2018. Dette var ikkje tokkeordførar Jarand Felland (Sp) og Hilde Alice Vågslid (Ap) fornøgde med.
Onsdag morgon møtte Rodney Omdal Karlsen formannskapet i Tokke for informere om kor langt prosjektet har kome, kva som har tatt tid og kvifor.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Tokkesenteret er eit omfattande prosjekt, og det er fleire ting som har ført til at det har teke tid. Leilegheiter, design, plassering, kvadratmeterpris og meir. Banken vil ha informasjon om fleire konkrete utgifter, og det jobbar me med. Det er mange aktørar som er involvera, og når tilbakemeldingane trekker ut går tida, sa Karlsen.
– Me innrømmer at me er for seint ute, men ut frå det me sit på av informasjon er me optimistiske. Me har stor tru på og eit stort ynskje om å fullføre Tokkesenteret.
Møtte motstand
Etter at Omdal Karlsen var ferdig med sitt innlegg blei han møtt med skepsis, og fekk fleire spørsmål.
– Eg saknar fleire konkrete leverandørar, og føler det er lite substans i det du legg fram, sa rådmann John Kleiv.
Også Knut Kristian Vadder (Sp) var skeptisk og stilte spørsmål.
– Kva skjer om Karlsen får utsett frist? Skal me gje han den tida han treng? Kor lang tid trenger du, spurde han Karlsen.
– Me er klare til å starte bygginga av Tokkesenteret i april, svara han.
Hastar
Tokke kommune vil raskt i gang med utbygginga av næringstomt på Høydalsmo og vil finne ein ny aktør om ikkje Rodney Omdal Karlsen leverer.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er ikkje meininga å vera strenge eller legge press på deg, men om ikkje du får til Tokkesenteret ynskjer me å tilby det til nokon andre, sa ordførar Jarand Felland.
– Me vil gjerne gå raskt i gang. Me kan ikkje gje deg for lang frist, då ein eventuell ny aktør må få tid på seg.
På tross av skepsisen var Felland open for å gje Karlsen utsett frist til 10. november.
– Viss du får utsett frist må du legge fram noko meir enn det du har gjort til nå, sa han.
– Med ein ny frist kan eg legge fram leigetakarar, prospekt og finansieringsmodell, svara Karlsen.
Lukka møtet
Hilde Alice Vågslid var ikkje positiv til å gje ein ny frist.
– No stussar eg. Eg treng å veta meir om dessa planane, i dag. Formannskapet har krav på å få den informasjonen me treng. Du fekk prosjektet på grunn av tidsperspektivet. Det var andre interessentar, men du kunne vere tidleg ferdig. No må me ha gode argument for å gje deg ein vidare frist. Vis dette ikkje kan diskuterast offentleg foreslår eg at me lukkar møtet, for no må me avgjere dette.
– Då lukker me møtet på grunn av foretningsløyndommar, sa ordføraren og journalisten måtte forlate romet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Optimistisk
Etter om lag tretti minuttar opna døra seg og Rodney Omdal Karlsen gjekk ut av møtesalen.
– Eg synest eigentleg det gjekk veldig greitt. Eg forstår at politikarane er skeptiske og at dei ynskjer meir kjøt på beina. Det er heilt naturleg når ein prosess trekkjer ut. Me hadde ein grei dialog og eg er fornøgd med det eg fekk lagt fram. Eg trur Tokkesenteret har mykje å seie for Høydalsmo. Me har lagt ned mykje tid og energi i prosjektet og håpar me får bygge, seier han til VTB.
– Var det optimistisk å seie at de var byggeklare etter eitt år?
– Hadde me ikkje hatt trua på at me kunne klare det hadde me ikkje sagt det. Når det er sagt er det fleire ting som har forandra seg undervegs og ført til at me har blitt forsinka, svara Rodney Omdal Karlsen.
Sette krav
Etter lunsj samla formannskapet seg att for å diskutere og ta ei avgjerd. Også denne diskusjonen gjekk bak lukka dører.
Formannskap stemte samrøystes for å gje Rodney Omdal Karlsen utsatt frist til 1. desember. Han må innan 10. november sende inn prospekt, stadfesting av finansiering frå finansinstitusjonar og avtaler med leigetakarar.
– Eg stemte for å gje Rodney Omdal Karlsen frist til 1. desember. Det står ikkje andre aktørar i kø, og då kostar det ikkje noko å vente nokre månader. Hadde det vore andre som var interessert hadde eg ikkje stemt for Karlsen, seier Vågslid til VTB.