Sundag 5. juli køyrde ein bil med fire passasjerar av vegen ved Vrådal hyttegrend. Bruk av bilbelte førde truleg  til at ingen mista livet.
Sundag 5. juli køyrde ein bil med fire passasjerar av vegen ved Vrådal hyttegrend. Bruk av bilbelte førde truleg til at ingen mista livet.

Farleg sommartrafikk

Sommarmånadane fører med seg eit endra trafikkbilete i Vest-Telemark. Typiske turistkommunar får ein markant auke i trafikkulykker i juli.

Trass i fine køyreforhold er det sommarmånadane som toppar ulykkesstatistikkane. På landsbasis fryktar Statens vegvesen i denne perioden over 2.200 ulykker med meir enn 70 omkomne og 3.300 skadde.

Ein statistikk utarbeidd av Gjensidige forsikring viser at turistsesongen har ein klar innverknad på talet på trafikkulykker. Ulykkene følgjer med turistane og typen ulykker varierar frå resten av året. Tala frå 2003 fram til 2008 viser ein auke i trafikkulykker i turistkommunane, medan dei større byane får ein nedgang i ulykker.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gjensidige sin statistikk samanliknar juli med eit gjennomsnitt frå mai og september og den viser eit endra trafikkbilete i sommarmånaden som gjev andre ulykker. Det minkar med trafikkulykker som gjerne blir sett i urbane strøk, slik som ulykker i kryss og påkøyrsler bakfrå, medan møteulykker aukar.

Fleire ulykker

I Vest-Telemark viser alle forsikringsselskapets tal ein auke i skadar med lette biler i månaden juli frå 2003 til 2008.

Kviteseid ligg på topp med ein auke på 97 prosent fleire bilkrasj i juli samanlikna med eit gjennomsnitt for mai og september. Fyresdal aukar med 96 prosent, Seljord med 71 prosent, Nissedal med 44 prosent og Vinje med 34 prosent. På botnen ligg Tokke med ein auke i ulykker på 18 prosent.

Informasjonsrådgjevar i Gjensidige, Geir Gjermundsen, seier i ei pressemelding at desse tala ikkje seier noko om den generelle trafikktryggleiken i området, men heller gjev ein peikepinn om kvar turistane tek vegen. Samtidig gjev det ein god grunn til å vera ekstra varsam i populære turistområde og stader med stor gjennomgangstrafikk, seier han.

Tenk tryggleik

Om lag ein av tri dødsulykker på norske vegar skjer i sommarmånadane, og ein gjengangar er utforkøyringar, ofte som følgje av høg fart, i følgje Statens vegvesen.

Bilbelte er eit av dei mest effektive hjelpemidla ein har for å redusere talet på skadde og drepne i trafikken. Om lag 40 prosent av alle drepne i bilulykker, anten som førar eller passasjer, bruka ikkje bilbelte. Hos ungdomar er prosenten endå høgare.

Airbag er ikkje ei erstatning for bilbeltebruk, men eit tilleggssystem som aukar tryggleiken ytterlegare dersom ulykka er ute. Kollisjonsputene har ein utgangfart på over 300 kilometer i timen og vil kunne gje skadar dersom ein ikkje sit fastspent i bilbelte, sidan systemet er konstruert for å fungere saman, informerar Trygg Trafikks nettsider.

Bilbelte redda liv

Sundag 5. juli køyrde ein bil med fire personar av vegen og hamna på taket ved Vrådal hyttegrend. Ei 18 år gamal jente som var passasjer i bilen fekk alvorlege skadar, medan dei tri andre slapp unna med mindre skadar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då ein såg bilen etter ulykka, skulle ein ikkje tru at det gjekk så bra som det gjorde. Alle i bilen bruka bilbelte og i tillegg var bilen utstyrt med airbag. Det førte nok til at dei involverte kom såpass godt frå ulykka som dei gjorde, seier politibetjent Walther Lie ved Kviteseid lensmannkontor.

Liten fart hindrar ikkje personskade dersom ulykka er ute, fortel Lie. Politibetjenten har sjølv vore ute til ulykker med liten fart der bilbelte ikkje blei bruka. Slike ulykker fører ofte til personskade på grunn av samanstøyten med interiøret, ofte ved at hovudet treff frontruta. Rett bruk av tryggleiksutstyr er difor svært viktig same kor lang bilturen er, informerer Lie.

Frå 1. juli i år blei gebyret for køyring utan bilbelte auka frå 750 kroner til 1500 kroner.

Tips for ein vellukka biltur:

- Alle i bilen skal vera rett sikra.

- Sikre lause gjenstandar.

- Ver opplagt og utkvilt dersom du skal ut på langtur.

- Blir du trøytt, stopp og sov i 15 minuttar.

- Tilpass farten etter forholda, men køyr aldri over fartsgrensa.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Unngå farlege forbikøyringar.

Kjelde:vegvesen.no