Fast lensmann i bygda att
Skiensmannen Helge Bolstad (47) er på plass som ny lensmann i Fyresdal, nesten to år etter att det sist var ein fast tilsett i stillinga.
Helge Bolstad byrja i politiet i 1996, og har i åra etterpå vore politiadvokat i påtaleavdelinga. Etter å ha hatt denne jobben ein del år, ynskte han å prøve nye arbeidsoppgåver. Bolstad søkte og fekk lensmannsjobben i Fyresdal på eit kontor med mange varierte oppgåver.
Eg har sett fram til å kome i gang som lensmann i Fyresdal, og har sagt opp jobben som politiadvokat, seier Bolstad, når VTB slår av ein prat ein månad etter at skiensmannen byrja på det lokale lensmannskontoret.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vekependlar
Fyresdal er ei veldig fin bygd, og eg har treft på hyggjelege og positive menneske. Det er triveleg å vere her, og eg er nysgjerrig og spent på oppgåva som lensmann, seier Bolstad.
Noko som blir viktig for han framover er å knyte kontakt med så mange som råd i kommunen. Bolstad håpar å bidra i Fyresdal idrettslag, og har plan om å kontakte fotballgruppa i bygda. Den tida skiensmannen spela fotball i Gulset, var han med på bortekampar i Fyresdal. Han har også hatt ferieturar til bygda.
Eg likar å vere ute og bruke naturen, legg Bolstad til om noko han kan nytte seg av i den fine bygda.
Bolstad har fått seg leilegheit i Fyresdal og blir vekependlar. I helgene går turen til Skien der kona og tre tenåringsdøtrer held til.
Utanom opningstid
Mangeåring Fyresdal-lensmann Odd Skeivoll slutta i stillinga for nesten to år sidan, og etterpå har det vore konstituert lensmann i bygda. No er tre personar å sjå fast på lensmannskontoret. Bolstad har med seg politifyrstebetjent Øyvind Ramse i 100 prosent stilling og konsulent Inger Berit Lie i 50 prosent stilling.
Lensmannskontoret er ope tysdagar og fredagar.
Det går an å ta kontakt med kontoret utanom desse to dagane også, men då bør folk ta ein telefon fyrst for å høyre om me er der, seier Bolstad.
Han nyttar høvet til å minne om at dei som skal ha pass, må vende seg til lensmannskontoret i Åmot eller Seljord, men at ein også i slike tilfelle bør ringje på førehand for å høyre om det passer å kome.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eit hovudmål ved lensmannskontoret i Fyresdal er å vere aktivi ute, til dømes kontrollar på vegane. Andre oppgåver blir å kontrollere om folk i Fyresdal fylgjer gjeldande reglar for oppbevaring av våpen.
Bolstad fortel at politiet er kjent med at ein del våpenkort står registrert på bygdefolk som er døde.
Eg oppmodar folk som har arva våpen eller fått slikt som gåve, å ta kontakt med oss for å få våpenkort i ordna former, om det ikkje alt er gjort, seier den nye lensmannen om eit tema han er oppteken av.