Feira 40 år med 4H i Vefall Brekke
Siste helga i oktober blei 40-årsjubileumet til Ørn 4H feira med haustfest på grendehuset i Vefall Brekke.
4H-klubben blei skipa i 1976, men sidan det var eitt år utan drift er det i år dei kan feire jubileum. Solveig Brekke kom med ideen og var ein pådrivar for å få Ørn 4H skipa. Inger Berthelsen var den fyrste klubbrådgjevaren. Då var det barn frå Vefall Brekke som var med, seinare kom det også barn frå Seljord og Bø med i klubben som i dag tel 17 medlemmer og 3 klubbrådgjevarar.
På festen 27. oktober fekk klubben besøk av Seljord-ordførar Halfdan Haugan og leiar i Telemark 4H, Hanne Vibeto. Ordføraren hadde med ei gåve på 5000 kroner til klubben.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det kjem godt med i desse tider då mange frivillige organisasjonar er usikre på kva som skjer i statsbudsjettet, seier Mona Skaret Skoe i Ørn 4H.
Nærare 70 personar var til stades i grendehuset. Stolte foreldre, besteforeldre og søsken, tidlegare klubbrådgjevarar og plakettmottakarar. Leiar i klubben Stine Braaten gjorde greie for 4H-året. Det var underhaldning, mat og kaker, merkeutdeling, lysbildevising og loddsal.
– 4H handlar om å kome saman for å ha det moro, sosialt, gjennomføre aktivietetar og lære noko. Bli kjent med andre 4Harar og få vener for livet. 4H sitt motto: Lære ved å gjera, melder klubben med base i Vefall Brekke.
I løpet av eitt år i 4H skal medlemmene jobbe med eit sjølvvalt prosjekt. I år var friluftsliv, baking, fotografering, kniven min, vi i verda, katt, geit, hest, grønsakshage og mekking blant temaa. Det er laga ting og teikna. Alt blei vist fram på haustfesten. Når prosjektet blir godkjent, og dersom oppmøtet er på meir enn 50 prosent, får kvart medlem eit 4H-merke. Etter sju år i 4H når ein toppen og mottek 4H-plaketten.
I år har medlemmene i Ørn 4H vore på aktiveitetsdag i Brekkegrenda med akekonkurranse, det har vore filmkveld, dei har vore til Oslo, på tur i Trollskogen og laga mellom anna lærbelte og pressa eplejuice.
For mange 4Harar er dei ulike leirane ein kan reise på eitt høgdepunkt. Her blir dei kjent med unge frå andre 4H-klubbar og treffer att vener frå tidlegare.