Feira Lucia
Med fakkeltog og nissegraut feira over 50 små og store Luciadagen på Nutheim i Flatdal fredag.
Stemningsfullt:Graut, saft og joleaktivitetar venta inne på gjestgiveriet.
Vertskapet på Nutheim gjestgiveri i Flatdal har dei siste fire åra invitert inn til feiring av Luciadagen for barnehage- og skulebarn. Arrangementet har blitt ein kjærkomen førjolstradisjon.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fyrst samla alle seg i kapellet på Prestegarden på Nutheim til allsong med tradisjonelle jolesongar, før turen gjekk opp til gjestgiveriet i eit samla fakkeltog.
Vel framme venta dekte bord gjestene med graut og saft. Barnehagen i Flatdal hadde også baka lussekattar til alle.
– Det er veldig koseleg at det kjem så mange, og det har blitt ein fin tradisjon, sa vertinna Ellen Grøstad Barstad.