Feira Raude kross i Italia
Tvillingparet Ida og Ane Syvertsen Hauge frå Fyresdal fekk frå 23. til 28. juni vera med til Italia for å feire 150-årsjubileet til organisasjonen. Det blei ei stor oppleving.
Ida og Ane Syvertsen Hauge (17 år) har begge vore medlem av Fyresdal Raude kross sidan dei gjekk i åttande klasse. Det synest dei er moro, og ikkje minst svært givande. Det har ført til at sjølv om dei berre er sytten år, manglar dei no berre eitt kurs for å vera godkjende raudekrossarar.
Fekk vera med på jubileum
Raude kross er ein organisasjon med svært lang historie, og i år er det 150 år sidan «Slaget ved Solferino» som førde til stiftinga av organisasjonen. Det blei feira i stor stil i byen i Italia i slutten av juni.
Artikkelen held fram under annonsen.
I eit campområde på over 200.000 kvadratmeter samla 186 nasjonalforeiningar frå heile verda seg i ein humanitær landsby av store telt.
Raude kross ungdom i Noreg gav tilbodet til sine medlemmer og 20 frivillige fekk ver med på feiringa. Av desse var tri frå Telemark.
Eg var litt nervøs for å reise, for det var fyrste turen aleine til utlandet. Det var litt skummelt, men på flyplassen kom me fort i kontakt med dei andre som skulle nedover. Då gjekk det veldig greitt, fortel Ane Syvertsen Hauge.
Teltby
Butilhøva i leiren var enkle, men godt organisert. Jentene budde saman med andre ungdomar i store kvite telt med 40 sengeplassar. Leiren hadde eigne område med toalett og dusjanlegg, matservering og tryggleikstenester. Det er nødvendig når over 10.000 menneska var med på feiringa.
Det var utruleg godt organisert sjølv om det var så stort. Området til leiren var digert og me måtte gå lange avstandar kvar dag. Eg hadde ikkje trudd at det var så stort på førehand, seier Ida Syvertsen Hauge.
Ein av deltakarane hadde nytta ein skritteljar og kome opp i 100.000 steg på ein dag, skyt systera inn.
Langt fakkeltog
Eit av høgdepunkta i feiringa var det årvisse fakkeltoget langs ruta som sjukepleiarane nytta for å frakte dei såra soldatane frå slagmarka til sjukestasjonen i Castiglione i 1859 under det store slaget.
Fakkeltoget blei i år fleire hundre meter langt med alle deltakarane og skapte ei spesiell stemning.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kurs og samhald
Saman med dei andre deltakarane var det lagt til rette for forskjellige aktivitetar. Ballspel og andre leikar var noko av tilbodet, men ein kunne òg få reflektere over kva som er rett og galt, gjennom ulike opplegg.
Dei forskjellige foreiningane frå alle verdas kantar fekk òg vise fram kva dei heldt på med i sine distrikt på ei stor messe.
Det var utruleg spennande å få sjå kva dei andre dreiv med, og sjå forskjellane laga i mellom, tykkjer Ane Syvertsen Hauge.
Trivst i Raude kross
Systrene starta tidleg opp i Fyresdal Raude kross, og dei var eismale på laget i den aldersgruppa. Det var inga hindring for å stortrivast. Dei får ikkje fullrost leiaren i laget, Arne Dag Lassemo for måten dei blei tatt imot, og for korleis det blei lagt til rette for at dei skulle få vera med og for at dei skulle trivast.
Me har fått vera med på alt i laget medan dei vaksne har passa på oss. Dei har gjort alt for at me skal ha det bra. Me prøvar å få med fleire på vår alder i foreininga, men det er vanskeleg. Det er utruleg lærerikt å vera med, og ein viktig jobb. Difor er det berre å oppfordre andre ungdomar til å vera med i Raude kross, seier Ane Syvertsen Hauge.
At jentene tykkjer om å ta vare på andre menneske er tydeleg. Begge går på Helse- og sosiallina ved Dalen vidaregåande, og dei ser for seg ei framtid innanfor helsesektoren.
Litt historikk om Raude kross og jubileet
Solferino er ein liten landsby med om lag 2500 innbyggjarar. Landsbyen ligg 10 kilometer sør for Gardasjøen i provinsen Mantova i Nord-Italia. Byen er sentral i Raude kross si historie på grunn av «Slaget ved Solferino» som fann stad 24. juni 1859. Det er den datoen og staden ein tok utgangspunkt for 150-årsfeiringa av Raude kross.
I juni 1859 var den sveitsiske forretningsmannen Henry Dunant (1828 - 1910) på reise til Italia for å møte den franske keisaren, Napoleon den tredje. I det han kom til Solferino blei han vitne til eit militært slag som var ein del av krigen mellom Austerrike og Sardinia. På ein enkelt dag blei rundt 40.000 soldatar på begge sider drepne eller skada på slagmarka.
Artikkelen held fram under annonsen.
Henry Dunant blei sjokkert over dei menneskelege konsekvensane av slaget og over korleis soldatane leid. Han såg òg at det mangla medisinsk hjelp og omsorg for dei såra soldatane. Han engasjerte seg i å hjelpe soldatane, og saman med kvinnene frå lokalbefolkninga organiserte han hjelp til soldatane utan å ta side i konflikten under mottoet «Tutti Fratelli», me er alle brødre.
Etter slaget skreiv han i 1962 ei bok om opplevinga. I boka la han fram ideen om at det i framtida burde eksistere ein nøytral organisasjon til å ta seg av skadde soldatar. Han sendte denne boka til mange leiande politikarar og høgtståande militære leiarar i Europa.
Desse tankane blei starten på Raude kross og Geneve-konvesjonen.
Raude kross har i dag 97 millionar medlemmer og over 300.000 tilsette. Noregs Raude kross blei stifta 22. september i 1865 og er ein av dei eldste nasjonale foreiningane i organisasjonen. Noregs Raude kross har om lag 180.000 medlemmer.
Henry Dunant fekk saman med Frederic Passy den fyrste Nobels fredspris nokon sinne i 1901. Raude kross har som organisasjon vunne Nobels fredspris tre gonger, i 1917, 1944 og i 1963.