Ottar Kåsa (t.v.) og Olav Nystog (t.h.) takka Audun Nordheim for innsatsen.
Ottar Kåsa (t.v.) og Olav Nystog (t.h.) takka Audun Nordheim for innsatsen.

Feira spelemannen Audun

Audun Nordheim er opphavleg frå Arabygdi. Laurdag blei strandbyggjen feira av gode vener i musikk- og dansarmiljøet på Rauland og omegn.

Audun Nordheim har to musikalske førebilete, nemleg Olav Midtgarden og Tarjei Skinan, båe barnebarn til Myllarguten. Sjølv er han tippoldebarnet etter Myllarguten. Ikkje så rart at han har fått felespel inn med morsmjølka.

– Frå midten av 1970-talet starta me ein dansarring på Rauland. Me var svært aktive, i alle fall i periodar. Audun har vore faste spelemann i over 25 år. I tillegg fyller han 80 år tysdag (i dag), og me eldgamle og gamle dansarar og medlemer i Rauland folkemusikklag ynskte å gje han denne kvelden i gåve, sa festleiar og dansar Olav Nystog før feiringa tok til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Framifrå spelemann

Dansarringen og folkemusikklaget i Rauland slo seg etter kvart saman til Falkeriset folkemusikklag.

– I kveld er det folk frå båe miljøa som vil feire Audun. Han har vore ein framifrå dansespelemann som har teke med seg dei gode slåttetradisjonane i spelet sitt. Me er svært takksame for innsatsen og tolmodet som Audun har vist, og det er på sin plass at me feirar han no, heldt Nystog fram.

Kvelden byrja med at Nystog ynskte velkomen, og bad folk slå av elektroniske apparat.

– Eg blir glad om de slår av padder, pøddur, telefonar og alt kva det heiter før programmet tek til, innleidde han frå scenen.

Fyrst ute var spelemenn frå Falkeriset folkemusikklag, før Halvor Nordjordet stod fram og song.

– Det var aldri vanskeleg å setje saman eit godt program når me var ute og viste oss fram. Om ikkje dansen var heilt perfekt støtt, hadde me med oss andre dyktige folk. Slik som Halvor som me nett høyrde, sa Nystog.

Noregsmeisteren spela

Arabygdi har fostra mange dyktige spelemenn, og Ottar Kåsa er ein av dei. Han er noregsmeister i felespel, og viste til fulle kvifor då han drog eit par slåttar frå Arabygdi. Han spela også Fossegrimen etter Jon Kjos.

– Ideen om ein dansarring på Rauland kom då Torkjell Mandt reiste rundt i Telemark og heldt dansekurs. Etter kvart blei me ganske flinke og det hendte me fekk førespurnader om å underhalde. Eller kanskje var det me sjølve som spurte om me kunne kome, prøva Nystog seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Inn- og utland

I alle fall blei det etter kvart oppdrag både innanlands og utanlands. Danmark, Sverige, Færøyane og Amerika fekk besøk av kulturberarane frå Rauland og omegn.

– I juli 1984 skulle me til Færøyane, men spelemannen vår på den tid hadde blitt sjuk og kunne ikkje vere med. Same kvelden ringde Haldor Myrvang til Audun og spurte om han kunne reise i staden. Då fekk me til svar at han og kona Borgny gjerne blei med, men dei måtte vaske bunadsskjortene sine fyrst. Dei hadde nett kome heim att frå Titanofestivalen, smilte Nystog.

– Og det blei starten på eit langt og svært triveleg samvær, sa Nystog.

Også dottera Gunn Riis underheldt og song eit par songar til ære for pappa Audun.

Vesla Landsverk las ei helsing på rim.

Heidersteikn

Øystein Romtveit helsa og gratulerte spelemannen Audun, og meinte at omgrepet spelemann var stole.

– Det er så mykje eg skulle sagt til deg Audun, sa Romtveit tydeleg rørt.

– Det å vere spelemann er ei spesiell greie. Omgrepet er stole frå oss. No heiter det spelemannsprisen, men det er omtrent ingen som spelar hardingfele i det programmet. Å vere spelemann er eit heidersteikn, sa Romtveit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv spela jubilanten eit par slåttar og viste at han framleis kan.

– Kva tenkjer du om å bli feira på denne måten?

– Eg er heilt overgjeven og ein blir litt sett ut. Når det er sagt kan eg vel seie at eg har halde ut lenge og slik sett har eg godt samvit. Det har vore flotte år med mange opplevingar. Ikkje minst opplevde me mykje moro på alle turane me var på. Eg fekk eit hint om ei feiring, men at det skulle bli som dette hadde eg ikkje drøymt om, smilte jubilanten fornøgd.