Fekk bruksendring frå hotell til asylmottak
– men anbodsrunden frå UDI er avlyst.
Nyleg avlyste UDI anbodsrundane for nye asylmottak, og dermed blir det ikkje noko av mottaksplanane på Morgedal hotell i denne omgang. Likevel ville eigar Ola Moe at formannskapet skulle behandle søknaden om bruksendring frå hotell til asylmottak.
Tysdag denne veka kom det pressemelding frå Morgedal hotell om at dei held hotellet stengt inntil vidare, men at dei held fram jakta på ein ny drivar. Det er ikkje aktuelt for eigarselskapet å stå for drifta, slik dei gjorde etter overtakinga i 2014. Eigar Ola Moe opplyser også at han no har bestemt at hotellet ikkje skal brukast som mottak for flyktningar.
– Me vil halde fram å søkje etter den rette drivaren av hotellet, seier Moe.
Artikkelen held fram under annonsen.
Likevel valde Moe å oppretthalde søknaden sin til kommunen om bruksendring frå hotell til asylmottak. Den behandla formannskapet i går.
Sa ja til 100 plassar
– Me hadde ikkje ana val enn å seie ja til søknaden, både med bakgrunn i plan- og bygningslova, og i eit rundskriv frå regjeringa der dei ber kommunane godkjenne slike dispensasjonssøknader, seier ordførar Tarjei Gjelstad.
Det var andre gongen saka var oppe, etter at ho blei utsett sist. I søknaden frå Morgedal hotell AS er det ikkje oppgjeve noko tal på plassar. Formannskapet sette eit tak på 100 personar då dei godkjente søknaden onsdag.
– Talet har å gjera med kapasiteten kommunen har og press på dei kommunale tenestene, og det har å gjera med storleiken på lokalsamfunnet, seier Gjelstad, og utdjupar:
– Då det var akuttmottak i vinter, var det svært stor skilnad på kva ein fekk til når dei var 180 mot kva aktivitetar ein kunne skape når dei var 40-50 personar. Då var dei med på aktivitetar og var ein del av lokalsamfunnet. Det er vanskeleg å ta imot 180 i gymsalen på grendehuset, seier Gjelstad.
Ingen mottak i regionen no
Tidlegare denne veka blei det kjent at UDI avlyser anbodskonkurransane om nye ordinære mottak i regionane nord, indre austland og sør, fordi det har kome færre asylsøkjarar enn forventa. Det tyder at Nordnorsk mottakssenter sine planar for Morgedal hotell ikkje lenger er aktuelle. Mottakssenteret har skrive intensjonsavtale med Morgedal hotell.
– Det er berre å kaste avtala i søpla no. Intensjonsavtala vil bli terminert, seier styreleiar Morten Pedersen i Nordnorsk mottakssenter til VTB onsdag. Dagleg leiar Are Andreassen er på ferie.
Heldt oppe søknaden om bruksendring
VTB spurde hotelleigar Ola Moe om den annonserte avgjerda hans om at Morgedal hotell ikkje skal brukast som asylmottak har noko med beskjeden frå UDI å gjera.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Ikkje eigentleg, svarar Moe.
– Kvifor har du ikkje trekt søknaden om bruksendring når det no ikkje blir asylmottak i regi av Nordnorsk mottakssenter?
– Me er og var under avtale med dei. Før eg har ei skriftleg oppseiing frå dei er det juridiske rådet at me ikkje skal foreta oss noko, svarar Moe.
Moe seier han framleis har aktuelle drivarar for sommarsesongen på handa, men at han ikkje har kome i mål, mellom anna fordi dei ventar på ei endeleg avgjerd frå Nordnorsk mottakssenter.
– Me er førebudde på å investere i oppgradering av hotellet dersom dei rette drivarane dukkar opp, opplyser Moe.
– Ingen stor gevinst på akuttmottaket
Han seier pengane dei tente på å etablere akuttmottak for flyktningar i haust har gått med til å dekkje inn tapet dei hadde på drifta fram til då, og til oppussing i samband med etablering av akuttmottaket.
– Det er ingen store gevinstar utover det, og økonomien er om lag slik han var då me overtok hotellet, seier Moe.
Han fortel også at det er aktuelt å selje hotellet, dersom det dukkar opp nokon med realistiske planar. Moe seier vidare at han har signalisert til asylmottaksdrivarane at han uansett ikkje vil gå vidare med slike planar for hotellet.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Hotellet er viktig for regionen
Ordførar Tarjei Gjelstad håpar at ein på sikt finn ei god løysing for vidare hotelldrift.
– Du meiner tida for hotelldrift i Morgedal ikkje er forbi?
– Det stemmer. Morgedal hotell er viktig for regionen. Det er ikkje mange overnattingsstader her, og det er eit sakn etter møtestader. Det skal også vera stor aktivitet langs E134 i tida som kjem, og då kan hotellet brukast. Dessutan var det like stor booking til sommarsesongen i år som i fjor, så folk vil gjerne tilbake til Morgedal, seier Gjelstad.
Ola Moe eig Morgedal hotell gjennom gjennom Scoop-konsernet, som er heileigd av Moe.