Fekk det fyrste Gandhistipendet
Tone Svalastog Garnes frå Vinje har fått Gandhistipednet på 50.000 kroner. Midlane skal brukast til ei utstilling av tekstilar i rituelle samanhengar i både kristen og muslimsk kontekst.
Tone Svalastog Garnes var ein av to søkjarar som fekk det fyrste Gandhistipendet. Av i alt seks kandidatar blei Svalastog Garnes og forskar Gunnar Haaland frå Oslo plukka ut til å få stipendet, som er oppretta for å auke kunnskap om, og byggje respekt mellom tru- og livssyn i det norske samfunn.
Svalastog Garnes arbeider som kulturkonsulent i Vinje kommune, men ho lagar også eigne arbeid i vev og andre tekstilteknikkar. Ho ynskjer å bruke stipendmidlane til ei innsamling og ei utstilling av tekstilar som blir bruka i rituelle samanhengar i kristen og muslimsk kontekst.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eg ynskjer mellom anna å sjå på tekstilar som er bruka i den kristne tradisjonen ved dåp, bryllaup og gravferd. Det same vil eg sjå på når det gjeld muslimsk bruk av tekstilar, seier ho.
Svalastog Garnes vil mellom anna ta utgangspunkt i muslimske bøneteppe. Ho ynskjer på sikt å utforme eit norsk bøneteppe til dagleg bruk, men understrekar at det ikkje blir snakk om noko etterlikning av det muslimske teppet.
Tidlegare har ho vore flyktningkonsulent i Vinje kommune, og ho er opptatt av forståing mellom ulike kulturar og religionar.
Det handlar om respekt og kunnskap om kvarandre for å unngå fordommar og framandfrykt, seier Svalastog Garnes.
Original idé
Tekstilkunstnaren fekk overrekt prisen av kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland på statsrådens kontor i Oslo tysdag.
Det var veldig spesielt og kjempemoro og nå opp, seier Svalastog Garnes vel heime att frå hovudstaden.
Tone Svalastog Garnes sin ide om å samle inn og stille ut tekstilar som er nytta i rituell samanheng er original, og han gjev rom for dialog på ein annan måte enn det vi ofte forbind med religionsdialog. Her får me distrikts-Noreg inn på ein spennande måte. Og vi får ei estetisk innfallsvinkling. Tone Svalastog Garnes vil samle gode døme på tekstilar som er eller har vore nytta i religiøs samanheng. Dette er eit stort emne med lang historie. Eg ser fram til utstillinga ho planlegg, sa kulturminister Valgerd Svarstad Haugland under utdelinga av stipendet.
Det er fyrste gong Gandhistipendet blir delt ut. Stipendet er oppretta av Kultur- og kyrkjedepartementet for å auke kunnskapen om og byggje respekt mellom tru- og livssyn i det norske samfunnet. Stipendet skal bidra til utvikling av praktisk kunnskap som er relevant for utøving av dialog i det fleirkulturelle og fleirreligiøse Noreg. Kvart stipend er på 50.000 kroner.