Raset i Mo gjorde store skadar på eit bustadhus. (Privat foto)
Raset i Mo gjorde store skadar på eit bustadhus. (Privat foto)

Fekk jordraset inn i huset

Nedbør over fleire dagar og ekstreme mengder regn natt til måndag resulterte i eit 70 meter breitt jordras ved Ljostadgardane i Mo. Eit bustadhus blei tatt av raset, og huseigaren måtte evakuere frå heimen sin.

Politiet i Telemark kunne måndag melde om både trevelt, ras, elver og bekkefar som gjekk langt over sine breidder og lause leidningar på grunn av mykje nedbør og vind i heile fylket det siste døgnet.

 Ein kar frå Mo fekk verkeleg kjenne på naturkreftene då han vakna av det han trudde var anleggsmaskiner utanfor heimen rundt klokka fem måndag morgon. Lensmann i Tokke, Ann Elisabeth Dale, fortel at mannen opplevde at straumen gjekk og så kom vatn og jord inn i fyrsteetasjen og gjorde store skadar.  

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordførar i Tokke, Jarand Felland, melder på Facebook at rasstaden er ved Ljostadgardane, om lag 300 meter frå brua over Mosåi i retning Byrte.

– To andre hus er også evakuert i samband med raset her i Mo. Jord- og steinraset skjedde i samband med eit bekke/elveløp. Raset er 200 meter langt og 70 meter breitt og går ned til Mo-Byrtevegen som i korte periodar vil bli stengt i samband med opprydding. Nå har det slutta å regne og mannskap frå kommunen er i gang med å leie vatnet. Me ventar på folk frå NVE, seier lensmannen til VTB måndag føremiddag.

Sperra vegen

Raset i Mo var 200 meter langt og 70 meter breitt. (Privat foto)
Raset i Mo var 200 meter langt og 70 meter breitt. (Privat foto)
Eit hus fekk store skadar av raset i Mo, to andre hus blei evakuert. (Privat foto)
Eit hus fekk store skadar av raset i Mo, to andre hus blei evakuert. (Privat foto)
Bilde sendt til vtbsnap frå Jorunn Sveen på Dalen. Bilde er tatt frå den nye flaumvollen innerst på Dyrskuvegen på Dalen.
Bilde sendt til vtbsnap frå Jorunn Sveen på Dalen. Bilde er tatt frå den nye flaumvollen innerst på Dyrskuvegen på Dalen.
E134 i Nutheimbakkane blei delvis sperra av flaumvatn måndag.
E134 i Nutheimbakkane blei delvis sperra av flaumvatn måndag.
E134 i Nutheimbakkane blei delvis sperra av flaumvatn måndag.
E134 i Nutheimbakkane blei delvis sperra av flaumvatn måndag.
Bilde sendt til vtbsnap frå Jorunn Sveen på Dalen.
Bilde sendt til vtbsnap frå Jorunn Sveen på Dalen.
Bilde sendt til vtbsnap frå flaumen i Flatdal.
Bilde sendt til vtbsnap frå flaumen i Flatdal.
Bilde sendt til vtbsnap frå flaumen i Flatdal.
Bilde sendt til vtbsnap frå flaumen i Flatdal.
Bekken gjekk over vegen ved saga i Svartdal måndag morgon.
Bekken gjekk over vegen ved saga i Svartdal måndag morgon.
Lite triveleg resultat frå flaumen på Dalen sendt til vtbsnap
Lite triveleg resultat frå flaumen på Dalen sendt til vtbsnap

Fleire område i Vest-Telemark blei også råka av vassmengdene. Politiet i Telemark kunne måndag melde at det eine vegfeltet i Nutheimbakkane på E134, retning Seljord, blei sperra då vatn, grus og småstein tok raskaste retning og ut i vegbanen. Trafikken blei dirigert i området.