Sindre Høgset er godt fornøgd med førre sesong, der han fann ny motivasjon for å satse på langrennskarrieren. No håpar han framgangen vil fortsette i sesongen som kjem.
Sindre Høgset er godt fornøgd med førre sesong, der han fann ny motivasjon for å satse på langrennskarrieren. No håpar han framgangen vil fortsette i sesongen som kjem.

Fekk ny motivasjon sist sesong

Sindre Høgset håpar han klarer å omsette den gode forma han har hatt på trening i vår og sommar til konkurransar til vinteren.

– Vinteren 2013 var skikkeleg tung. Eg blei sjuk og fekk så og sei ikkje gått nokon renn, fortel Sindre Høgset.

Den talentfulle langrennsløparen var ein svært lovande junior, men i første sesong som senior, var det langt mellom oppturane for vinbyggjen, som er klubbkamerat med ingen ringare enn Petter Northug i Strindheim IL. Dei to siste sesongane har gått betre for Høgset, særleg vinteren 2015.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I 2014 var eg rusten, i og med at eg ikkje fekk gått noko året før. Reint resultatmessig var det så som så, men det at eg fekk gått renn kontinuerleg gjorde det til ein positiv sesong. Førre sesong var endå meir positiv. Eg hadde sagt til meg sjølv at eg måtte ha ein god sesong for å ha motivasjon til å satse vidare. Heldigvis opplevde eg stor framgang, så eg tek i alle fall eitt år til, og evaluerer på nytt etter sesongen, forklarar han.

Nokre konkrete mål for vinteren har ikkje Høgset så mange av, det er den generelle framgangen han er ute etter.

– Hovudmålet mitt er å fortsette utviklinga. Eg vil gjerne at formkurva fortsett utviklinga oppover. Eg har hatt enorm framgang på trening i vår og i sommar. Blant anna har eg sett personleg rekord opp Vehuskjerringa. No håpar eg at eg kan omsette dei gode resultata frå treningsturar til konkurransar.

Håpar på eitt godt resultat

Når han ikkje er heime på ferie, er Høgset til dagleg busett i Trondheim, der han dei siste åra har gått for Strindheim IL. Det kjem han til å halde fram med denne sesongen.

– Slik situasjonen er i dag er Strindheim det einaste alternativet som er godt nok for meg. Der får eg tett oppfølging av trenar, og alt i alt har dei eit godt opplegg. Sjølvsagt hadde det vore gunstig å kome seg inn på eit privatlag, for ein endå meir skreddarsydd plan med tettare oppfølging, men per i dag ser det ikkje ut til at det skjer neste sesong i alle fall, fortel vinbyggjen.

– Om me har same samtalen om nøyaktig eit år, der du skal oppsummere sesongen, kva håpar du at du kan svare då?

– At sesongen har gått over all forventning. Minst eit veldig godt resultat, altså tett på eller innanfor topp 30, aller helst i skandinavisk cup eller NM.