I 26 år stod Berit Breivik bak salsdisken i butikken, men nå er det Evy Karlsen som er der for det meste.
I 26 år stod Berit Breivik bak salsdisken i butikken, men nå er det Evy Karlsen som er der for det meste.

Fekk oppfylt butikkdraumen

Evy Karlsen er veldig glad for at ho kunne overta butikken Berit Breivik dreiv i Fyresdal i 26 år.

For 26 år sidan opna Berit Breivik og Gerd Lauvrak butikken «Farge og Gåvebui AS» i Fyresdal sentrum. Dei ti siste åra har Breivik drive butikken aleine, og leigd noko hjelp.

Evy Karlsen var innom butikken til Breivik for to år sidan og sa ho kunne vere interessert i å overta drifta.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg svara at nei, det er langt fram til det er aktuelt. Men plutseleg sist vår fann eg ut at nå gidd eg ikkje meir, seier 65-åringen Breivik.

Litt skummelt

Karlsen overtok lokalet i forretningsbygget i Fyresdal sentrum 1. oktober, pussa det opp og opna butikkdøra for dei fyrste kundane 4. november.

– Dette har vore ein draum, og det er dette konseptet eg har trua på, seier den ferske butikkeigaren.

– Det blei nokon arbeidstimar før eg kunne opne butikken, men det har vore koseleg også, og så fekk eg god hjelp av familie. Det var litt skummelt til å byrje med då eg overtok, men nå kjennest det rett. Og eg trur bygda treng ein slik butikk som dette, seier Karlsen når VTB er innom få dagar før jol.

I butikken er det alt frå blomar, kosmetikk, leiker og diverse gåver til ein god del interiør.

– Eg lagar bukettar sjølv, og det er noko av det moroaste eg gjer.

Ein annan ting ho set pris på er at formannskapet gav butikken hennar; «Draumehjørnet AS», eit tilskot på 40 000 kroner.

– Eg blei litt paff og veldig positivt overraska. Moro, seier Karlsen om den uventa summen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Også hjelpepleiar

Karlsen har med Breivik av og til i drifta av butikken.

– Breivik er til veldig god hjelp, seier Karlsen.

– Eg er heldig som fortsatt får lov til å vere her. Det er koseleg å hjelpe til litt, seier Breivik.

Dei 26 åra ho har drive butikken har ho gleda seg til kvar arbeidsdag.

– Eg har trivst med jobben, og ein må jo bare lure på kvar åra har blitt av. Det har vore hyggeleg å prate og skravle med folk, ikkje minst hyttekundar. Mange gilde kundar, det er det som er motivasjonen, seier Breivik.

Karlsen har jobba på pleie- og omsorgssenteret i Fyresdal sidan 2000, og likar jobben som hjelpepleiar i 40 prosent stilling.

– Eg må sjå om eg fortset. Det blir litt mykje no, seier ho med eit smil.