Fekk pakke utan å ha bestilt
Fyrst fekk Helge Kasland i Seljord ei pakke han aldri hadde bestilt. Då han prøvde å sende ho tilbake til firmaet Buy Aid, kom ho i retur.
VTB skreiv torsdag om Seljord personal som fekk purrebrev frå firmaet Buy Aid, trass i at dei verken hadde hatt kontakt med firmaet, fått faktura eller noko pakke. Helge Kasland frå Nordbygdi i Seljord kjenner seg att. I november i fjor fekk han tilsendt ei pakke frå Buy Aid med 20 Redd Barna-pennar og 40 post-it-blokkar, utan å ha bestilt dette. Nesten dagleg i eit par veker prøvde han å kome i kontakt med firmaet på telefon, utan hell. Derfor sendte han pakka tilbake i ei Noregspakke. Så gjekk det endå nokre veker og så kom pakka i retur frå Posten. Buy Aid hadde aldri henta pakka Kasland sendte tilbake til dei, trass i at det bakpå fakturaen står at ein står fritt til å sende tilbake, utan grunngjeving.
Eg reagerte med irritasjon og blei forbanna. Eg prøva å ringje på ny, men framleis var det umogleg å kome gjennom på telefon, fortel Kasland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Støtta tidlegare
Kasland let seg overtale av Buy Aid til å kjøpe ei pakke med pennar og post-it-lappar for eit par år sidan, og tenkte det kunne vera greitt å støtte det humanitære arbeidet. Sidan blei han oppringt om lag annankvar månad, men sa då nei til å kjøpe meir.
Han har ikkje høyrt noko frå Buy Aid etter at Noregspakka han sendte tilbake kom i retur i januar, men har tatt vare på pakka i tilfelle det skulle kome krav i ettertid.
Ein blir skeptisk etter noko slikt, og det er uheldig at friviljuge organisasjonar blir sett i eit dårleg ljos, seier Kasland, som meiner det er betre å sette pengar til humanitært arbeid direkte inn på ein konto, framfor å betale meir enn tusen kroner for 20 pennar og post-it-blokkar.
Eg støttar gjerne Redd Barna, men ikkje gjennom slikt vas, konkluderer Kasland, og legg til at om det hadde kome truslar om inkasso, ville han meldt saka til politiet.
Prosedyrefeil
VTB tek på ny kontakt med dagleg leiar i Buy Aids avdeling i Noreg, Ivar Stømsøyen, og legg fram saka. Han seier han gjerne skulle svart på spørsmåla, men at han har fått beskjed frå leiinga i Danmark om å ikkje uttale seg til media, og viser oss vidare til hovudkontoret i Danmark.
Styremedlem Knud Mogensen i Buy Aid fortel at det har vore nokre problem med feilsendte purringar og pakker. Men han understrekar gong på gong at dei behandlar kunden ordentleg og rettar opp feilane.
Ingen, absolutt ingen kundar skal betale for varer dei ikkje har bestilt eller ikkje vil ha, lovar Mogensen.
Han seier kundane kan sende pakker tilbake utan grunngjeving og at dette ikkje skal koste kundane noko.
Artikkelen held fram under annonsen.
Men det hjelper vel ikkje når tilbakesendte pakker ikkje blir henta?
Det har vore enkelte prosedyrefeil, men me har ikkje som formål å snyte kunden, poengterer han, og seier det berre er å ta kontakt, så skal dei ordne opp.
Han fortel om ein vanskeleg arbeidsmarknad og viser også til at firmaet i Noreg går med underskot. I 2006 viser rekneskapen eit underskot i drifta på 3 millionar kroner. Mogensen seier at dette ikkje går utover det humanitære arbeidet, og at samarbeidspartnarar, som Flyktninghjelpen, får 10 prosent av den totalte omsetninga. Om nødvendig blir dette finansiert frå København. På spørsmål om kva dei resterande 90 prosentane går til, svarar Mogensen med å vise til rekneskapen som syner negative tal. Og når tala er gode, skal det humanitære arbeidet nyte godt av det.
Om eit overskot er større enn det me donerer, så deler me dette med organisasjonane me samarbeider med, seier han.
Buy Aid sel i samarbeid med humanitære organisasjonar kontorartiklar, kaffi, vatn og sjokolade til bedrifter. 10 prosent av omsetninga blir donert til hjelpeorganisasjonar som samarbeider for betre forhold for sjuke, sveltande og undertrykte barn. Sidan 1996 har Buy Aid donert 75 millionar kroner til barn i naud rundt om i verda. Det dansk-eigde firmaet har 220 tilsette på kontor i Danmark, Sverige, Noreg, Finland, Nederland, Belgia og Spania, i fylgje firmaets heimeside.