Gunnar Sandvik og Marit Haugen i aksjon på polisen i Nordvestpassasjen. Her arbeider dei med å måle temperaturen på ulike nivå i isen.
Gunnar Sandvik og Marit Haugen i aksjon på polisen i Nordvestpassasjen. Her arbeider dei med å måle temperaturen på ulike nivå i isen.

Fekk studere smelting av polisen

Vest-Telemark vidaregåande skules satsing på polaråret førte til at realfagelev Marit Haugen frå Vinje og lektor Gunnar Sandvik fekk oppleve å delta i polarforsking i Nordvestpassasjen. Dei er no heime att etter 14 ugløymelege dagar i Canada. Ni av dagane var ombord i forskingsisbrytaren «Amundsen» som ligg innefrosen i polarisen. Her fekk dei studere ulike sider av den globale oppvarminga og fekk mykje ny kunnskap frå dei 40 polarforskarane.

Turen til Canada og Nordvestpassasjen var ein premie til Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen for arbeidet med polare emne i undervisninga i samband med Polaråret. Marit Haugen var ein av ni realfagselevar ved skulen som leverte ein grunngjeven søknad om å få bli med på forskingsturen. Dei tri beste søknadene vart plukka ut og så vart det loddtrekning mellom dei. Og Marit Haugen vann.

– Me møtte eldre inutittar i Inuvik i Canada, som ber om verdas merksemd kring problema klimaendringane skaper for livsgrunnlaget deira. Dei kunne fortelje korleis eit varmare klima har ført til at det dukkar opp mange dyreslag, insekt og fuglar som inutittane ikkje har sett tidlegare. Dette er eit fangstfolk som også opplever problem med at isen vert tynnare. Og sidan dei ikkje har tradisjon for å lære seg å symje, har fleire drukna dei siste året fordi isen sviktar, fortel Marit Haugen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho fekk møte fleire eldre inutittar, slik at ho fekk informasjon om nokre av konsekvensane av klimaendringane frå primærkjelder. Det er viktig i forskingsarbeid, slik at opplysningane vert mest mogleg rette.

Forsking i polarisen

Saman med lærarar og elevar frå vidaregåande skular i Skottland, Sverige, Tyskland og Canada fekk Marit Haugen og Gunnar Sandvik ni dagar i isen med forskingsisbrytaren «Amundsen» som base i lag med 40 forskarar frå mange land.

Dei vart floge ut i Twin Otter-fly til den store isbrytaren som ligg innefrosen i isen i Nordvestpassasjen. Canada leiar det såkalla IPY-prosjektet Circumpolar Flaw Lead, der Noreg også deltar på forskingssida. Prosjektet studerer korleis klimaendringar påverkar biologiske prosessar i Polhavet, og korleis utvekslinga av klimagassar går føre seg.

– Det var ei intensiv, men svært interessant veke ombord. Me arbeidde med eit nytt tema kvar dag, og forskarane tok seg godt av elevane, fortel Gunnar Sandvik.

Marit Haugen seier forskarane studerte alt frå sediment frå havbotn til kva som skjer i atmosfæren. Og elevane fekk vere med på alt frå prøvetaking, analysering og loggføring.

Ugløymelege opplevingar

– Eg fekk verkeleg prøvd meg som polarforskar, seier Marit Haugen.

I samband med forskinga i isen fekk ho også ei tur med helikopter langs iskanten. Då såg dei også isbjørn, og det var ei stor oppleving.

– Elles fekk eg oppleve hundekøyring med slede på eiga hand, så det vart mange nye inntrykk og mykje ny kunnskap på stutt tid, fortel Marit Haugen, som måtte presentere det ho hadde lært ute i Polhavet. Presentasjonen til elevane skjedde i den canadiske byen Winnipeg med 300 menneske som tilhøyrarar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Marit gjorde ein glimrande presentasjon av den forskinga ho hadde vore med på, og ho la det fram på engelsk, seier lektor Gunnar Sandvik.