Ordførar Solveig Abrahamsen i Seljord argumenterte hardt for ei løyving på 250.000 kroner frå Fellesfondet til reiselivsprosjektet «Vandrarregionen». Ordførar Bjørn Nome i Fyresdal var meir skeptisk, men fylgde likevel fleirtalet ved røystinga.
Ordførar Solveig Abrahamsen i Seljord argumenterte hardt for ei løyving på 250.000 kroner frå Fellesfondet til reiselivsprosjektet «Vandrarregionen». Ordførar Bjørn Nome i Fyresdal var meir skeptisk, men fylgde likevel fleirtalet ved røystinga.

Fellesfondet lét prinsippa fare

Fellesfondet løyvde tysdag 250.000 kroner til prosjektet «Vandrarregionen». Det skal etablerast 16 turvegar, og alle kommunane i Vest-Telemark er involverte.

Dei totale kostnadane til turvegane er rekna til 3,1 millionar kroner, og fylkeskommunen er tungt inne på finansieringssida. Dei einskilde kommunane skal også dekke nokre av kostnadane. Målsettinga er 16 attraktive turvegar med høg standard. Vedlikehaldet av vegane skal vere sikra i ein 10-årsperiode. I tillegg skal turvegane verte presenterte gjennom både kart og brosjyre.

«Vandrarregionen» er forankra i den strategiske næringsplanen for Vest-Telemark, og skal vere ein del av utviklingsarbeidet knytt til naturbasert næringsutvikling.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå nyttår er Fellesfondet soge. 1. desember i fjor bestemte fondet at det i år berre skal løyvast midlar til såkalla faste oppgåver, som Vest-Telemarkrådet, Vest-Telemark Næringsutvikling og bygdelivsmeklaren. Resten av midlane skal ein nytte i åra framover når Telemarksfondet er etablert. Med desember-vedtaket som grunngjeving var det innstilt på at heller ikkje «Vandrarregionen» skulle få midlar frå fondet.

– Dette med turvegar som eit sentralt reiselivstilbod, er veldig i tida. Her har me eit opplegg som passar godt for Vest-Telemark. Ein er alt kome langt på veg i utviklingsarbeidet. Då meiner eg det vil vere syrgjeleg om satsinga strandar fordi Fellesfondet snører att pengesekken. Eg er difor innstilt på at det vert løyvd 250.000 kroner, sa ordførar Olav Urbø (Sp) i Tokke.

Seljord-ordførar Solveig Abrahamsen (H) støtte synspunkta til Urbø, og gav uttrykk for at fondet ikkje kunne vere med på å øydeleggje turvegprosjektet.

– Her må me vere med. Det kan det ikkje vere tvil om, meinte ordførar Torstein Tveito (Sp) i Kviteseid.

I ordskiftet vart det mellom anna peikt på at «Vandrarregionen» er eit tiltak som reiselivet i heile regionen står samla bak. Det har nemleg fleire gongar vore etterlyst betre samarbeid mellom reiselivsaktørane i Vest-Telemark.

Meir skeptisk til å sette det nemnde vedtaket om disponering av fondsmidlane til sides i denne saka var Fyresdal-ordførar Bjørn Nome (Sp). Han ville ikkje vere med på at eit nei til løyving frå Fellesfondet torporderte heile «Vandrarregion-prosjektet. Nome hevda at det i verste fall berre ville vere snakk om ei lita utsetjing.

Under røystinga støtte Fyresdal-ordføraren likevel ei løyving på 250.000 kroner, og vedtaket var samrøystes.

– Me er sett i ein forferdeleg situasjon

Fellesfondet sa nei til ei løyving på 210.000 kroner til gjenoppbygging av bygningar ved Søftestad Gruber i Nissedal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fylkeskommunen har alt løyvd 250.000 kroner til arbeidet Søftestad Grubers venneforening gjer for å utvikle den nedlagte gruva til ein attraksjon. Føresetnaden for denne løyvinga var at også Fellesfondet løyvde midlar.

– No er me kome i ein forferdeleg situasjon. Me trudde me sat på den grøne grein etter løyvinga frå fylkeskommunen, og var overtydde om at også fondet ville leggje pengar på bordet. Venneforeininga maktar ikkje å finansiere 210.000 kroner på eiga hand, opplyste Frank Lien då han argumenterte i fondsmøtet for ei løyving.

Søknaden galt gjenoppbygging av vinsjhus, sikring av gjenverande bygningar og grusing av uteområdet. Prosjektet er rekna til 725.000 kroner. Nissedal kommune, Sparebanken Sør og eigenkapital har vore andre finansielle kjelder.

Frank Lien argumenterteogså med at istandsettinga av den gamle gruva omfattar både Nissedal og Kviteseid kommunar. Quality Straand Hotel i Vrådal ynskjer eit samarbeid mellom gruvene, hotellet og veteranbåten «Fram».

Nissedal-ordførar Anne-Nora Oma Dahle (Sp) hevda at det ikkje var med lett hjarte ho fann ikkje å gå bort frå vedtaket i fondet 1. desember 2009. Ho fann det vanskeleg å utfordre dette prinsippvedtaket.

– Saka er difor låst, og eg kjem til å røyste mot ei løyving, meddelte Oma Dahle.

I fylgje ordførar Bjørn Nome (Sp) i Fyresdal ville det kome sjansar for venneforeininga å få finansiert opprustinga av Søftestad Gruber.

– Når me no går imot å løyve 210.000 kroner, er det berre snakk om ei utsetjing før planane vert realiserte, meinte Fyresdal-ordføraren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Leiar i Fellesfondet, ordførar Arne Vinje (SV) i Vinje kjente seg også viss på at det går fleire tog for venneforeininga, sjølv om toget var gått denne gongen.

Frank Lien sa i ein kommentar til VTB etter avgjerda i fondet at han er svært skuffa over haldninga til Nissedal-ordføraren.

– Anne-Nora Oma Dahles argumentasjon om at ho måtte vere lojal mot fondsstyrets vedtak i desember i fjor, lyder holt. Eg må seie at ho både skuffar og overraskar. Det vert ikkje pengar til gruveanlegget av å få eit godt klapp på skuldra. No må ferdigstillinga av gruveområdet utsetjast på ubestemt tid, konstaterte Frank Lien.