Felte storbukk før skumringa
Knut Mostøyl hadde tur då han fekk låne jaktbua til broren torsdag kveld. Ikkje lenge etter han hadde sett seg, dukka ein kjempestor hjortebukk opp frå skogen i Modalen.
Torsdag kveld, i sekstida, rusla Knut Mostøyl ut til brorens jaktbu heime i Modalen i Tokke.
– Det er hans plass, han hadde sete der kvelden før og eg spurde fint om eg fekk låne bua for å sjå etter hjorten.
Artikkelen held fram under annonsen.
Etter bare 20 minuttar høyrde han nokre dyr som herja i skogkanten.
– Blodpumpa gjekk godt då. Etter litt kom to hinder ut på jordet. Eg blei overraska over at dei kom så tidleg, dei plar ikkje trekkje før i skumringa. Eg sat og såg på dyra. Eg ville ikkje skyte for me har alt felt ei hind, og det er viktig å spare produksjonsdyra, seier Mostøyl.
Overraska
Hjarterytmen roa seg att medan hindene var ute på jordet, men 22-åringen blei merksam på meir lyd frå skogkanten.
– Eg høyrde det stod eit dyr att der som herja i buskane. Brått kom bukken ut på jordet, og då gjekk det ei kule ganske raskt. Eg såg han var flott, men ein ser liksom ikkje kor stort dyret eller geviret er før ein kjem tett på, fortel jegeren.
Han blei overraska då han kom bort til dyret.
– Eg kjem nok aldri til å få sjå så stor bukk her att, så eg må innrømme at eg er rimeleg fornøgd sjølv om eg aller helst skulle skyte bukken for bikkja mi. Men det blei ikkje slik denne gongen, seier Mostøyl.
– Kva sa bror din, blei han misunneleg på fallet?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Han har påpeika ved nokre høve at det var ved jaktbua hans, ja, ler Mostøyl.
«Bjønn fekk lukte på hjorten i går kveld, og det skulle eg ikkje gjort. For han har halde leven i heile natt.»
Overvaka
Gjennom sommaren har jegeren god kontroll på kva dyr som er i området.
– Eg har ti viltkamera på ulike stadar, mellom anna kamera som filmar. Det er eit trekkområde for dyr her, og me har sett hinder og hjortebukkar tidlegare, men eg har ikkje sett denne store bukken før, fortel han.
Han fortel også at dyra han ser på kamera, trekkjer gjerne vidare og er ikkje i Modalen når jakta startar om hausten.
Lite søvn
Mostøyl er svært jaktinteressert, og ser fram til sundag. Då startar elgjakta og både Knut og elghunden Bjønn gler seg til å kome ut i skogen saman med dei andre jegerane på Helland Botndalen elgjaktlag i Tokke.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Bjønn fekk lukte på hjorten i går kveld, og det skulle eg ikkje gjort. For han har halde leven i heile natt. Så han er veldig klar for jakt nå, seier Mostøyl.
Han fortel at elgjaktlaget har fem dyr på kvota i år.
– Men det er lite elg i området, så me vil truleg gjere som tidlegare år. Jakte fyrste veka og sjå kor mykje me feller, seier han, og legg til at han er oppteken av bestanden.
– Me har ni hjortar på kvoten også, og det er meir hjort enn elg i området, men han trekkjer så fælt – så det er vanskeleg å få tak på dei, meiner han.
Vil få geviret vurdert
Etter jaktopplevinga torsdag har 22-åringen planen klar for kva han skal gjere med trofeet. Ein bogmontasje av det flotte dyret blir for stort, men han vil sende skallen til koking og få den montert på plate. Seinare vil han ta med geviret for å få det vurdert.
14-taggaren er ein kapitalbukk sidan han har fire taggar i krona. Mostøyl er spent på kva dommarane vil seie om geviret, og meiner det kan få ein del poeng.
Ved trofédømming ser dommarane etter breidda på geviret, at det er grovt og jamt i gevirstengene, at det har lange og fine taggar, korleis krona er forma, at det er perla i teksturen og at fargen er mørkebrun eller svart. Dommarane gjev ulike poeng ut frå målingar dei gjer og korleis geviret ser ut, og ein kan få bronse, sylv eller gullmeldalje om ein sankar nok poeng innanfor dei krava som Noregs jegerog fiskerforeining har sett.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Dei som har greie på gevir meiner dette bør bli dømt til gull, så det blir spennande, seier den nøgde jegeren.
– Blir det ditt fyrste hjortetrofé på veggen?
– Nei, eg har to frå før også, ein 9-taggar og ein 12-taggar. Dei som er mindre har eg ikkje gjort noko med, fortel han.
– Kva skjer med dyret du felte torsdag?
– Nå heng kjøtet for å mørne, og når det er ferdig skal me vege det. Eg trur kanskje det veg 145 kilo. Eg har skote to store bukkar tidlegare på 134 og 136 kilo, denne ser større ut. Når kjøtet er ferdig mørna skal eg stelle det. Eg trur det er mykje god mat i dyret, for bukken var ikkje heilt i brunst, så då går det greitt, meiner Mostøyl.
Elgjakt neste
– Kva er jaktplanane framover?
– Etter elgjakta blir det vel meir hjortejakt, for fuglejakt driv eg lite med.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Rådyr da?
– Jau, det kan vel bli rådyrjakt også, for det har blitt fleire av dei nå – gaupa har vore fæl til å halde bestanden nede – nå er det skote meir gaupe dei siste åra så det hjelper seg. Og det er få som har kortbeina bikkje til rådyrjakt i området også, så me får sjå.
Mostøyl fortel at han også gler seg til vinteren og jakt på rev og gaupe.
– Ein kamerat og eg kjøpte oss ein foxhound saman til slik type jakt, og den var med på fire gaupefall i Tokke i fjor. Så eg ser fram til den jakta også, seier 22-åringen.