Fem millionar til freda bygningar i fylket
Riksantikvaren har fordelt 69 millionar kroner til fylkeskommunane. Pengane skal gå til å setje i stand freda bygningar i privat eige over heile landet. Telemark har fått fem millionar kroner frå potten.
– Dei freda husa i Noreg er ein viktig del av kulturarven vår. Mange av desse historiske bygningane er i privat eige, og eigarane gjer ein stor frivillig innsats for å ta vare på dei. Staten dekkjer ein stadig større del av utgiftene til å setje bygningane i stand, seier riksantikvar Jørn Holme.
Artikkelen held fram under annonsen.
Oppland (10,2 millionar) og Hordaland (7,68 millionar) var fylka som fekk mest.
Fylkeskommunane får også totalt 20 millionar kroner til verdsarvstadane.