Femten søkjer lærarstilling på Kviteseid skule
Kviteseid kommune har femten søkjarar å velja mellom til ei fast hundre prosent undervisningsstilling ved Kviteseid skule frå 1. august. Søkjarane, ni kvinner og seks menn, er:
Siv Omtveit Aasan (25 år), Seljord. Ho er adjunkt ved Kviteseid skule.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mathias Bernth-Johannsen (28), Oslo, har utdanning i musikkvitskap, filosofi og idéhistorie frå Aarhus i Danmark.
Gunn Jane Falk (39), Vinje, har pedagogisk utdanning, har vore lærar (adjunkt) i Drangedal, og er no student.
Anne Lene Gustavsen (37), Flå, har faglærarutdanning, og er no bibliotekar i Flå kommune.
Fredrik Gjester Hoel (23), Odda, er utdanna grunnskulelærar, og er no student. Olav B. Holm (40), Kviteseid, er lærar ved Brunkeberg oppvekstsenter.
Ellen Marie Holten (24), Bø, er allmennlærar og for tida student.
Gunhild Helene Kaasa (26), Bø, er allmennlærar og har for tida mammapermisjon frå jobb som adjunkt med opprykk i Kongsberg kommune.
Anne Marthe Midtbøen (32), Kviteseid, er utdanna allmennlærar, og jobbar som lærar ved Kviteseid skule.
Signy Magnusdottir (32), Kviteseid, er kunst- og medialærar i Kviteseid kulturskule.
Artikkelen held fram under annonsen.
Anne Ragnhild Midtbøen (35), Kviteseid, er allmennlærar i Kviteseid kommune.
Vidar Syrtveit Mikalsen (45), Sauda, er allmennlærar og har no eit vikariat som adjunkt i Suldal kommune.
Anja Rinden (27), Høydalsmo, er adjunkt i eit vikariat ved Tokke skule.
Gunn Berit Sandvik (49), Høydalsmo, er adjunkt og student, med yrkeserfaring frå Høydalsmo skule.
Mark van der Welde (28), Vrådal, er økonomimedarbeidar i Kviteseid kommune.