Ferdigvandra medvandrar
Safia Abdi heldt eit engasjerande føredrag om integrering for eit nesten fullsett Granvin kulturhus torsdag.
Publikum i Granvin fekk eit fyrverkeri av eit føredrag torsdagskvelden. Safia Abdi engasjerte dei mange frammøtte som hadde kome frå både Vest- og Midt-Telemark.
Abdi er opptatt av integrering, og at denne må gå båe vegar. Alle har eit ansvar, både dei som kjem til landet og dei som har budd her lenge. Ho er mellom anna med i eit nasjonalt utval som arbeider med strategiar for å kjempe mot rasisme og fremje aksept og forståing mellom kulturar. Ho er kjent for sitt arbeid mot kjønnslemlesting og for integrering av innvandrarar. Sjølv synest ho lite om omgrepet innvandrar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eg er ferdig vandra og har kome for å bli, sa ho.
Abdi som kallar seg ekte harstadværing meinte «medvandrar» var eit betre ord, og fekk nikking frå salen som respons for omgrepsendringa.
Utfordringar
Den somaliske kvinna kom til Noreg i 1992 saman med tri døtrer. Ho hugsar godt sitt fyrste møte med kulda i Europa ein desemberdag for 18 år sidan. Kontrasten frå 42 varmegrader i heimlandet til kulda på ein flyplass i Paris var stor.
Det ryk av munnen din, mamma, sa den eine dottera mi, fortalde Abdi.
Møtet med nytt land og ny kultur skapte naturlegvis utfordringar. Som då ein av døtrene hadde tannverk. Den naturlege løysinga var då å trekkje tanna, meinte Abdi. Men tannlegen ville ikkje gjere noko inngrep. Han gav i staden jentungen antibiotika, noko mor Safia var skeptisk til.
Familien hamna etter kvart på Lundeskogen asylmottak i Oppland. Møtet med det nye landet blei tøft for dei fire somaliarane. Ungane følte seg utanfor på skulen, og ein plakat utanfor nærbutikken etterlet inga tvil om kvar enkelte meinte dei skulle dra. Bildet av ein øydelagt sykkel og teksten «This is your transport home», var ikkje til å misforstå.
Ungdom viste fingeren. Men eg visste ikkje kva det betydde og måtte spørje. Då eg blei fortalt at det var ei fornærming, var responsen at det var ei mild fornærming. I Somalia brukar me heile kroppen, sa Abdi før ho gjorde nettopp det til humring frå salen.
Men det kunne ikkje halde fram. Abdi tok grep. Ho inviterte skuleklasser til mottaket, og fekk respekt. Respekt fekk ho også frå asylsøkjarane frå det tidlegare Jugoslavia då ho beviste at ho kunne køyre bil.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mastergrad
Ho hadde eit ynskje då ho skulle få ein ny permanent heimplass.
Send meg dit eg blir respektert for den eg er, sa Abdi.
Ho blei åtvara av andre på asylmottaket då ho fortalde at ho skulle til Harstad i Nord-Noreg. Men påstandar om isbjørn som et ein, ingen bilar eller sol, hindra ikkje Abdi frå å ta med seg døtrene til nord.
I Harstad blei me inkludert og respektert med ein gong, sa ho.
Eit møte med ei jordmor som mangla kunnskap om andre kulturar, gjorde at Abdi bestemte seg for å få seg ei utdanning. Ho stod i bresjen for norskkurs, tok grunnskulen og kjempa seg også inn på vidaregåande. Ho møtte motstand frå dottera som hadde lite lyst til å ha mamma på den same skulen, men løysinga blei at Abdi fullførte vidaregåande på to år, og heldt seg inne i friminuttane Det var eit krav frå dottera.
Sidan har ho utdanna seg til sjukepleiar og nyleg tok ho mastergrad i helsefag.
Ressursar
Ho er stolt av dei tri døtrene som alle har valt kreative yrke. Den eldste har gått på musikkonservatoriet, den mellomste dansar ballett og den yngste utdannar seg som grafisk designar.
Abdi oppmoda seljordingane til å få til ein årleg bygdefest. Ein multikulturell fest som kan syne alle ressursane som finst i lokalmiljøet. Noko arrangørane, Kjeringråd og Seljord frivilligsentral, var positive til.
Artikkelen held fram under annonsen.
I tillegg til det fengande føredraget var det kulturelle innslag frå fleire land, og kvelden blei avslutta med eksotisk mat.