Fest med mange høgdepunkt
Psykisk utviklingshemma, støttekontaktar, føresette og andre innan HVPU-tenesta i Vest-Telemark var invitert til fest på kulturhuset i Tokke laurdag. Dei 70 frammøtte storkosa seg.
Det er andre året på rad me, Åheim bufellesskap, arrangerer ein slik sosial kveld. Tilbakemeldingane frå fjoråret var så positive at me rett og slett følte at me måtte halde fram. I kveld blir det middag, kaffi og kaker, utlodding og ikkje minst dans til levande musikk, sa avdelingsleiar for Åheim bufellesskap på Dalen, May Anette Sollie.
Stille tid
Det skjer ikkje så mykje på denne årstida, og oppslutninga i kveld tyder på at tiltaket er populært, la ho til.
Artikkelen held fram under annonsen.
Gullbjørgsalen i Tokke kulturhus var pynta og klargjort til fest, og like over klokka fem var det tid for å forsyne seg med mat. Gryterett med ris, salat og loff var populært hjå dei frammøtte.
Det var god mat og no gler eg meg til me kan danse. Eg har sjølvsagt sett meg ut ein dansepartnar, forresten har eg eit par stykke i kikkerten. Men no skal eg ha meg litt meir mat, smilte Ingar Hovda frå Kviteseid.
Dansen er høgdepunktet
Også Una Merethe Wraa frå Kviteseid såg fram til å kome seg på dansegolvet. Ho var på Dalen i fjor også, og synest det var bra at arrangementet held fram.
Det er moro å danse, og eg har tinga ein dans med ein av dei som spelar her i kveld. Han med krokodilleskoa har lova meg ein svingom, smilte Una og sikta til Einar Heggtveit, som saman med broren Eivind stod for den levande musikken.
Orri Johannsson frå Seljord kunne også fortelje at han blei mett av gryteretten, og at han synest det var kjekt å treffe andre.
Det er moro å høyre på musikken, og det er veldig koseleg å møte andre. I tillegg ser eg fram til lotteriet og dansen. Eg skal i alle fall kjøpe lodd så får me sjå om eg vinn, sa Orri.
Mange gevinstar
Næringslivet i Vest-Telemark hadde bidrege i stort monn når det kom til gevinstar.
Laila Kringlåk, som til dagleg arbeider på Kakeringen i Åmot, sytte for at dei mange gevinstane hamna på rett stad.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er så moro å danse, og så likar eg godt å bli fotografert. Maten er god og festen er flott så langt, fortalde Øystein Skori frå Åmotsdal.
Etter at gryterett, kaffi og kaker var vel fortært, og utloddinga var gjennomført, var det klart for å entre parketten. Og det var tydeleg at det var kveldens høgdepunkt for dei fleste.
To mål i kveld
Eg dansar med naboen min. Me bur i Fyresdal, og me skal bli kveldens dansepar, sa Glenn Roger Bergland og nikka mot Annika Drenth.
Me har to mål i kveld, og det er å kome i avisa og bli dansedronninga og dansekongen. No har du teke bilete, så då er me i gang. Eg arbeider på ICA i Fyresdal tysdagar og torsdagar så då må eg i alle fall kjøpe avisa, smilte Annika.
Eg får ho i posten så eg er sikra å få med meg alt, sa Glenn Roger.
Songglade
Det blei også høve til å synge i lag med Heggtveitbrørne, og Gro Ellen Nordskog var den fyrste til å ta mikrofonen. Ho song «Seasons in the Sun» som blei udødeleggjort av Terry Jacks i 1974.
Neste ut var Una Merethe Wraa, og ho song «Krasafaren steinbu» av Hellbillies.
Også Ingar Hovda og Thomas Lundevall frå Kviteseid entra scena og song «Country road take me home».
Artikkelen held fram under annonsen.
Til slutt blei kveldens par på dansegolvet kåra, og det var kjærastparet Gro Ellen Nordskog og Ingar Hovda som kunne smykke seg med titlane kveldens dansedronning og kveldens dansekonge.