Filleristar strukturendring
Avtroppande Fyresdal-lensmann Odd Skeivoll fyrar laus mot endring av lensmannsstrukturen i Vest-Telemark. Han finn ikkje gode argument for rasjonaliseringa han meiner er ynskjetenking, og er glad stortingspolitikarane skal avgjere saka.
Politimeisteren i Telemark ville i utgangspunktet redusere talet på lensmannskontor i Vest-Telemark slik at det bare blei att eitt. Etter reaksjonar blei talet auka til to i høyringsframlegget som blei sendt ut. Eitt kontor skulle vere i Vinje, og det andre anten i Seljord eller Kviteseid.
Odd Skeivoll avsluttar i dag si 16 år lange lensmannstid i Fyresdal og blir pensjonist. Han bare ristar på hovudet av forslaget til politimeisteren om mellom anna å ha bare to lensmannskontor i Vest-Telemark.
Artikkelen held fram under annonsen.
To kontor kan ikkje vere til publikums beste, seier Skeivoll.
Han har heller inga tru på ei nyordning med ein heildøgns patruljebil som det krev 18 politimenn for å betene.
Ei slik løysing er ynskjetenking. Det er ikkje nok ressursar i dag til å ha ein heildøgns politibil, og då må ein tilsette fleire. Dessutan vil ei slik løysing gjere at politiet bare patruljerer E 134. Eg stiller spørsmål om køyringa er rett bruk av ressursane, og har ikkje mykje tru på ei slik løysing. Det vil elles gjer at dei kontora som er att vil bli oftare stengt, seier Skeivoll.
Ikkje funne gode argument
Han er sikker på at økonomien er inne i bildet i strukturendringa. Vidare har han problem med å forstå at samanslåinga gjev positivt utslag.
Eg har snakka med mange innan politiet og også tilsette som har leiande stillingar. Me har ikkje funne eller fått gode argument for rasjonaliseringa. Eg kan ikkje sjå at noko blir endra til det betre, og då kan ikkje eg vere med og heise flagget, slår Skeivoll fast.
Etter å ha lese rapporten frå politimeisteren har han dette å seie om små lensmannskontor:
Det er det største vas som har kome når rapporten seier at ein ikkje kan ut på oppdrag aleine ved små kontor. Eg veit andre lensmenn på små kontor har reagert på same måte som meg. Sjølvsagt kan ein som jobbar på lensmannskontoret vere aktivt ute aleine. Politimeisteren og andre som har vore med på å lage rapporten manglar kunnskap om lokalkontor og geografi, slår Skeivoll i bordet.
Eg kjenner ein lensmann som blei kalla inn på teppet til politimeisteren etter å ha sagt ifrå kva han meiner. Dei seier det er høgt under taket i politiet, men det kan det ikkje vere slik denne lensmannen blei handtert, legg Skeivoll til.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han finn det motseiande at rapporten meiner det er vanskeleg å vere aktiv om ein er aleine på kontor, når han tenkjer tilbake på dei åtte månadene han var einaste politimann på kontoret i Fyresdal.
Då sa politimeisteren til meg at det var ikkje så farleg, for eg hadde så gode resultat
Han minner om at lensmannskontora er serviceorgan ute i distrikta. Blir forslaget frå politimeisteren vedteke, trur han politiet blir sett på spel.
Tillit til politiet er viktig, men samfunnet mistar tilliten når innbyggjarane aldri får tak i lovas lange arm, meiner Skeivoll.
Elles synest han det går prestisje i struktursaka sidan det no er byrja å kaste inn ein plan B: politibil på vegen og ofte stengte lensmannskontor.
Tilbod om politipost
Han fortel at lensmannen i Seljord har tilbydd han å få til ein politipost i Fyresdal, om Skeivoll ville støtte at Seljord blei vald som stad for eitt av dei to lensmannskontora.
Det er dette med etikk og moral. Det er heilt bak mål å få eit slikt tilbod. Eg svara lensmannen i Seljord at det var heilt utelukka. Skal eg gå inn på noko, må eg byggje det på faktagrunnlag. Dessutan er ein politipost ingen ting, og kan med eit pennestrøk leggjast ned, veit Skeivoll godt.
Han forstår at av og til må det endringar til om kommunane vil, men meiner det må då vere grenser når han ser dagens framlegg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Å syte for tryggleik i samfunnet er eit stort offentleg ansvar. Viss lokale lensmannskontor blir lagt ned, vil det gå ut over tryggleikskjensla til innbyggjarane. Dei vil miste noko av livskvaliteten, det blir meir kriminalitet og ein mistar lokalkunnskap og det meste av førebygginga, slår Skeivoll fast.
Ein person på andre sida av lova sa til meg ein dag at no måtte han byrje å gjere brekk på landet, for der er det ikkje politi, legg han til om tilstandane som kan kome.
Distriktspolitikk
Han rosar ungdomsrådet i Fyresdal.
Dei er heilt eineståande. Ungdomane ser det nødvendige av å ha lokalt politi.
Skeivoll påpeikar at lensmannskontoret i Fyresdal er i ei særstilling på grunn av geografien, og med store avstandar blir det vanskeleg å slå saman kontor.
Eit lensmannskontor i Seljord får inga lokal forankring i Fyresdal. Mange av dei gode resultata lensmannskontoret i Fyresdal har hatt, kjem mykje på grunn av den lokale forankringa, er Skeivoll sikker på.
Han meiner det ikkje må vere tvil om at det er politikarane som skal avgjere struktursaka.
Her er det storpolitikk inne i bildet, og me snakkar om distriktspolitikk. Eg er glad for at politikarane på Stortinget skal avgjere saka, og håper dei ikkje gjev frå seg saka til Politidirektoratet. Lensmannskontoret i Fyresdal blir ikkje lagt ned, er Skeivoll sikker på.
Artikkelen held fram under annonsen.
Saknar engasjerte leiarar
Ein av grunnane til at Odd Skeivoll sluttar som lensmann i Fyresdal, er politiorganisasjonen som han mellom anna finn lite raus. I fjor blei det sett av ein pengesum til kvar tilsett med tanke på velferdsmidlar. Jolebordet blei lagt til Norsjø, men ingen ved Fyresdal lensmannskontoret ynskte å køyre så langt som totalt 25 mil.
Eg fekk nei av organisasjonen til å bruke avsette velferdspengar til eiga tilstelling for oss her i Fyresdal. Eg løyste det ved å bruke 500 kroner av eigne pengar, ristar Skeivoll på hovudet.
På grunn av leiteaksjon og anna ekstra som skjedde i Fyresdal i fjor, sat Skeivoll att med 24 feriedagar ved nyttår. Han søkte om å få dagane overført til hausten i år, fordi han skulle på ein lengre tur. Det tok tid før han fekk svar, og plutseleg dukka det opp melding om at Skeivoll måtte avvikle alle feriedagane frå i fjor før juni månad i år.
Ein annan ting han reagerer på er at stillinga etter han ikkje har blitt lyst ut som fast, men i staden blir det mellombels tilsetting i vikariat for Skeivoll i seks månader frå 1. mai, slik det står skrive. Vidare blir det lyst ut etter politifyrstebetjent frå 1. juli og bare seks månader fram. Når det er slike ledige stillingar andre stader, blir det fast tilsetting med ein gong. Skeivoll meiner stillinga som lensmann skulle vore lyst ut i open konkurranse, når ein veit at vikariatet kjem til å gjelde over seks månader.
Ein kan byrje å lure om det blir lagt eit løp for å leggje ned kontoret i Fyresdal, kjem det alvorleg frå avtroppande lensmann.
Elles gjer erfaringar dei siste åra at Skeivoll fin grunn til å kome med ei etterlysing og oppmoding.
Eg har sakna meir engasjerte og motiverte leiarar i politiet. Etter reform 2000 er det blitt mange fleire møte. Alle møta må ein vurdere opp mot resultat ein skal oppnå for storsamfunnet.