Jan Gunnar Solli skal ha mykje av æra for at Rosenborg vann årets cupfinale. Solli skåra dei to siste måla i 3-1 sigeren over Bodø/Glimt.
Jan Gunnar Solli skal ha mykje av æra for at Rosenborg vann årets cupfinale. Solli skåra dei to siste måla i 3-1 sigeren over Bodø/Glimt.

Finalehelten

Jan Gunnar Solli frå Treungen var den store forskjellen i cupfinalen mellom Rosenborg og Bodø/Glimt sundag. 22-åringen avgjorde finalen i Rosenborgs favør då han kom inn som innbytar og gjorde både 2-1 og 3-1 i ekstraomgangane på Ullevaal. – Det var ei vanvittig herleg kjensle å sjå 3-1 skåringa gå inn. Eg har brukt mykje tid på skottrening i det siste. Det har gjeve resultat, sa Solli med eit smil etter kampen.

– Det var ikkje tilfeldig at Jan Gunnar avgjorde dette. Han har ei herleg innstilling og ikkje minst kvalitetar. Vesttelen var naturlegvis med i vurderinga då eg skulle komponere fyrstelleveren, men eg valte rutine framføre ungdommeleg pågangsmot, seier trenar Åge Hareide til Vest-Telemark Blad.

– Eg valte å plassere to potensielle matchvinnarar på benken. Både Jan Gunnar og Azar Karadas kan avgjere ein slik kamp på eiga hand. Då Jan Gunnar kom inn med friske bein endra kampen karakter. Det er sjølvsagt laget som har vunne, men når det er sagt er det fullt fortent at Solli får så mykje merksemd som han gjer, fortset Hareide, suksesstrenaren som trur Solli vil bli ein av dei mest populære RBK-spelarane. Fyrst og fremst fordi han er ein god fotballspelar. Det er i fylgje sunnmøringen ikkje noko minus å vere jordnær. Glimt i auge og godt humør har også kometen i norsk toppfotball.

Artikkelen held fram under annonsen.

Moderat feiring

VTB fylgde den nybakte noregsmeisteren etter kampen. Det blei på mange måtar ei triumfferd. Etter ein rask dusj på landskamparenaen bar det til bankett på Grand Hotell. I titida letta SAS-maskina som frakta Jan Gunnar og lagkameratane til Trondheim der dei blei møtt av fleire hundre fans.

– Det kjem til å bli ei moderat feiring i kveld. Eg skal nemleg på landslagssamling måndag. Men eg skal nyte augneblinken, sa han som alle skulle ha ein bit av sundag.

I løpet av eit par hektiske veker har han blitt både serie- og cupmeister. «The double» i sin fyrste sesong med RBK er slett ikkje verst. Jan Gunnar måtte spele finalen for å bli cupmeister. I reglane står det at ein må ha fire kampar eller vore utpå i finalen.

– Eg hadde eit godt håp, men tok ikkje noko for gitt. Det var ein vanvittig herleg kjensle å sjå 3-1 skåringa gå inn. Eg har brukt mykje tid på skottrening i det siste. Det har gjeve resultat, sa ljosluggen og smilte frå øyre til øyre.

Store oppgåver i vente

Jan Gunnar har mange store oppgåver framføre seg sjølv om det berre er litt meir enn ein månad til jul. Fyrst er det to viktige EM-kvalifiseringskampar. I slutten av månaden er det UEFA-cupkamp i Beograd. Solli har lyst til å gjere ein god figur i Serbia. Vidare avansement står høgt på ynskjelista. Landslagsspelaren føler dei har ein god moglegheit sjølv om det blei 0-0 heime på Lerkendal. Han gjev uttrykk for at det er viktig å unngå baklengsmål den fyrste halvtimen.

– Røde Stjerne må også skåre for å gå vidare. Det treng ikkje vere noko dårleg utgangspunkt for oss. Dersom me klarar å avansere får me heilt sikkert eit topplag i tredje runde. Vinteren vil også bli langt meir spennande, sa Jan Gunnar Solli.

– Eg trur ikkje det var mange i Treungen som ikkje fekk med seg cupfinalen. Sjølv var eg sengeliggjande med feber og fylgde finalen på radio, men eg kom meg framfor TV´n då pokalen blei delt ut, seier Hilde Nore, leiar i fotballgruppa i Treungen.

– Kva har dette å seie for fotballinteressa i Treungen og Vest-Telemark?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det kjem bare til å gå ein veg. Me har gleda oss med Jan Gunnar ei god stund og eg ser ikkje nokon grunn til at det skal stoppe. Sidan eg har vore sjuk har eg ikkje lodda stemninga ute blant folk, men eg reknar med at cupfinalen er det store samtaleemnet, seier Nore.

– Kjem det fleire som Jan Gunnar i framtida?

– Å ja då. Me har mange unge som er glade i fotball i Treungen. Fotball er den einaste idretten det er liv i her og suksessen til Jan Gunnar inspirerer, meiner ho.

Tårene kom

Geir Ufs var trenar for Jan Gunnar frå miniputt-nivå til han byrja i Odd Grenland då han var ferdig med grunnskulen. For gamletrenaren var det ei stor oppleving då Jan Gunnar avgjorde sundagens cupfinale med to skåringar i ekstraomgangane.

– Etter den fyrste skåringa fekk eg ein reaksjon der kroppen skalv. Då han skåra endå ein gong og avgjorde finalen kom tårene, seier Ufs.

Det er ikkje fyrste gong han feller tårer etter ei avgjerande skåring frå Jan Gunnar.

– Sist gong Jan Gunnar fekk meg til å take til tårene var då han avgjorde finalen i Vest-Telemark cup som lillegutspelar, fortel Ufs.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette var kjempemoro. Flott å sjå den gleda han viste etter skåringane. I eit slikt augneblink gløymer ein alt anna i verda. Det var ein stor dag for Jan Gunnar, men også for dei mange rundt han, legg han til.

Enorm eigeninnsats

Sjølv vil han ikkje take mykje av æra for at ljosluggen har blitt landslagsspelar og dobbelvinnar med Rosenborg.

– Han har hatt ein enorm eigeninnsats og skal sjølv ha mesteparten av æra for at han har kome så langt, meiner Ufs.

Han såg tidleg talentet i Jan Gunnar, men tenkte ikkje noko vidare over at det kunne vere ein komande landslagsspelar som sprang rundt på grasmattene i Vest-Telemark.

– Me er ikkje akkurat van med å avle landslagsspelarar i Treungen, seier han med eit smil.

– Han dribla mykje som miniputt-spelar. Det var kanskje ikkje så rart, sidan han ofte trena på ein liten plen heime. Men lærte etterkvart å lyfte blikket og finne medspelarane, held han fram.

– Er Jan Gunnar unik, eller kan det kome fleire som han?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg trur Vest-Telemark kan få fram fleire gode spelarar. Om dei har dei same ressurspersonane bak seg som Jan Gunnar har hatt er det mogleg, meiner Ufs, og viser til foreldra som har stilt opp for Solli heile karrieren.

– Heilt utruleg

Tellef Solås er leiar i fotballgruppa i Seljord. Han fekk med seg cupfinalen og gler seg med resten av regionen.

– Det er heilt utruleg. Eg synest det er rart han ikkje spelte frå start, men det blir det vel ei endring på etter dette, trur Solås.

Han trur suksessen Solli har opplevd det siste året har mykje å seie for interessa blant unge i Vest-Telemark, men er ikkje sikker på om nokon vil kome på same nivå som Solli.

– Han er nok heilt spesiell. Mykje har klaffa og han har den rette stå-på-viljen. Dessutan har han hatt viktige støttespelarar i foreldra som har stilt opp med køyring, seier Solås.