Fire av seks lensmannskontor kan bli borte
Arbeidsgruppa som ser på lensmannstrukturen skisserer to kontor i Vest-Telemark: Åmot og Kviteseid.
I utkastet som blir karakterisert som eit «råutkast» frå arbeidsgruppa til politimeisteren er det føreslege å samle kontora Fyresdal, Tokke og Vinje til Åmot, og Nissedal, Kviteseid og Seljord til Kviteseid.
Kontora i Seljord, Fyresdal, Nissedal og Tokke er føreslege nedlagt. «Råutkastet» blei presentert på eit møte hos politimeisteren onsdag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kommunestyra i Kviteseid og Seljord har båe vedtak om at eitt kontor bør liggje i ein av desse kommunane, men at det er opp til politiet å bestemme kvar. Vedtaket hindrar ikkje Seljord-ordførar Halfdan Haugan (Ap) i å kjempe for Seljord som lokalisering av lensmannskontoret. Og kommunen kjem til å kome med innspel når det blir opna for det.
– Me treng eit kontor som er levedyktig over tid og med eit godt og attraktivt fagmiljø, seier Haugan, og legg til at både tenestene til innbyggjarane og arbeidsplassar er viktig.
Fyresdal-ordførar Erik Skjervagen (Ap) er ikkje overraska over framlegget, men varslar at han vil kjempe vidare med tal og statistikk som våpen.
– Med den omfattande reduksjonen av lensmannskontor har dette lege i korta, men alle tal viser at lensmannskontoret i Fyresdal bør oppretthaldast. Utfordringane her er ikkje spesielt godt ivaretatt i råutkastet, meiner Skjervagen.
– Det er ikkje sjølve lensmannskontoret som er det viktigaste, men at innbyggjarane får ei teneste med synleg politi, førebyggande arbeid og god responstid, seier han.
I Telemark er også kontora i Bamble, Drangedal, Hjartdal, Nome og Siljan føreslege nedlagt i det fyrste utkastet frå arbeidsgruppa.