Fire av sju distrikstannlegar kan forsvinne
Går det som fylkestannlegen i Telemark vil, kan vestfylket om nokre år sita att med berre to distriktstannklinikkar; i Åmot og Seljord. Samfunnsøkonomisk sett er det hol i hovudet, meiner ordførar i Tokke, Birger Nygård.
For fem år sidan hadde me same trusselen om nedlegging. Då samla kommunane seg om å gje distriktstannklinikkane billigare husleige. No synest eg strikken er dregen langt nok. Å leggje ned tannklinikkar vil føre til lengre reiseveg for pasientane. Når til dømes pasientar på aldersintitusjonar skal til tannlege og reisevegen er lang, må tilsette vera med. Samfunnsøkonomisk sett er forslaget difor hol i hovudet. Ansvaret for folketannrøkta må fylkeskommunen ta, og ikkje skuve meir over på kommunane, sa tokkeordførar Birger Nygård då fylkestannlege Tore Hildre orienterte Vest-Telemarkrådet om strukturendringar i tannhelsetenesta i fylket.
Nygård fortel til VTB at Tokke i 1988 blei pålagt å byggje ut tannklinikken som arbeidsstad for tri personar, men at kontoret no berre er bemanna med ei halv stilling.
Artikkelen held fram under annonsen.
Når det no kom signal om innsparingar fekk fylkestannlegen tilbod om å leige lokalet for 100.000 kroner, ei halvering av husleiga, mot at distriktstannklinikkane på Dalen og i Høydalsmo blir oppretthaldne i fem år framover. Det fekk me nei på lovnaden var berre å halde oppe kontora i eitt år framover, fortel han.
Mangel på tannlegar
Det er i dag 27 distriktstannklinikkar i Telemark. I framlegget til strukturendringar i tannhelsetenesta, som i mars skal leggjast fram for fylkespolitikarane i utvalet for kultur og identitet, er talet redusert til 13. To av desse vil liggje i Vest-Telemark. I framlegget ligg det òg at klinikkane i Edland, Høydalsmo og Treungen blir haldne oppe så lenge tannlegane som er der i dag ynskjer det.
Sentraliseringa skjer ikkje primært for å spara pengar, men for i heile tatt å kunne gje eit offentleg tannhelsetilbod. På landsbasis er det stor mangel på tannlegar, og det å skaffe tannlegar til einmannsklinikkar kan ein bare gløyme, sa Hildre. Han fortalde at den ledige stillinga i Kviteseid er lyst ut, med søknadsfrist midt i denne månaden, men at det hittil ikkje hadde kome førespurnadar om stillinga. Han opplyser til VTB at stillinga kanskje blir plassert i Seljord.
Per i dag er det ikkje tilsett tannpleiarar i den offentlege tannhelsetenesta i Vest-Telemark.
Ideell bemanning i vestfylket er tri tannlegar og ein tannpleiar, fordelt på to klinikkar. Ulempa blir sjølvsagt lengre reiseveg for brukarane, som også må betale 190 kroner i eigendel på reiseutgifter. Men ei sentralisering er naudsynt for i det heile tatt å kunne gje eit offentleg tannhelsetilbod, påstod fylkestannlegen.
Distriktstannklinikkar i vestfylket
* Kontora i Edland, Seljord, Åmot og Høydalsmo har alle ein tannlege kvar.
* Kontoret på Dalen er bemanna med ein tannlege i halv stilling.
* Klinikkane i Kviteseid og Treungen er ikkje bemanna; stillinga i Kviteseid er lyst ledig og tannlegen i Treungen har permisjon frå stillinga.
Artikkelen held fram under annonsen.
* I Fyresdal og Rauland kjøper fylkestannlegen tenester hjå privatpraktiserande tannlegar.
Grupper som har rett til gratis tannpleie
* Aldersgruppa frå 0 til 18 år, til og med det året ein fyller 18. 19- og 20-åringar betalar ein firedel av full pris.
* Psykisk utviklingshemma.
* Pasientar på aldersinstitusjonar. Tannhelsetenesta har system for regelmessig tannkontroll av pasientane ein til to gonger i året.
* Pasientar som er registrert som regelmessige brukarar av heimesjukepleia. Heimesjukepleia har ansvar for å informere brukarane om det gratis tilbodet.