Ole Jan Krogsæter (t.v.), Kenneth Haugland og Håvard Sveinsson er budde på at dei komande åtte vekene blir ekstremt tøffe i dei ville fjella i Kashmir. Dei skal frakte mat og anna utstyr ut til jordskjelvramma menneske i avsidesliggande landsbyar.
Ole Jan Krogsæter (t.v.), Kenneth Haugland og Håvard Sveinsson er budde på at dei komande åtte vekene blir ekstremt tøffe i dei ville fjella i Kashmir. Dei skal frakte mat og anna utstyr ut til jordskjelvramma menneske i avsidesliggande landsbyar.

Fire vesttelar skal hjelpe heimlause i Kashmir

Fredag dreg fire raudekrossenmedlemmar frå Vest-Telemark til Pakistan i åtte veker. Dei skal til Kashmir og transportere mat og utstyr til landsbyar i fjella som hjelpeorganisasjonane ikkje har vore til etter at jordskjelvet tok livet av 86.000 menneske og gjorde minst 3,5 millionar heimlause.

Håvard Sveinsson frå Bøgrend i Vinje og seljordingane Kenneth Haugland, Ole Jan Krogsæter og Ørjan Venås måtte ta ei avgjerd i løpet av 20 timar om dei ville ta i mot oppmodinga frå Raudekrossen om å dra til Kashmir i Pakistan.

Dei var ikkje seine om å takke ja etter at arbeidsgjevarane på stutt tid ga grønt ljos for permisjonar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den norske kontingenten som dreg med fly til Pakistan fredag, tel 15 menneske. Av desse er seks frå Telemark.

Det er berre nokre dagar sidan Raudekrossen fekk tildelt eit hasteoppdrag for å syte for at folk som truleg bur under ope himmel får mat og anna utstyr. Området er vanskeleg tilgjengeleg med djupe dalar omkransa av 3.000 – 4.000 meter høge fjell. No er det i tillegg snø og kulde som gjer dei jordskjelvråka menneska utsette for å døy.

Naudhjelp til landsbyar

– Vår oppgåve blir å transportere naudhjelp opp til landsbyane. Frå landsbyane skal me frakte skadde til sjukehus og elles hjelpe til med evakuering der det er trong for det, fortel Sveinsson, Haugland og Krogsæter som sundag var samla på Raudekrossen-huset i Seljord for å drøfte dei siste førebuingane.

– Kvifor fekk de førespurnad om å delta på dette oppdraget?

– Me har jo god røynsle gjennom mange år i hjelpekorpset til å ta oss fram i fjellet sjølv om veret er dårleg. Topografien i Kashmir er ekstremt krevjande å ta seg fram i. Mesteparten av den vesle infrastrukturen som var i området blei øydelagt i jordskjelvet, peiker dei på.

– Korleis skal de komme fram til dei avsidesliggjande landsbyane?

– På flyet til Pakistan er det med både beltevogner, snøskutarar og firehjulsdrivne motorsyklar. Utstyret er me sjølve nøydde til å vøle og halde i orden under oppdraget, så det kjem godt med at me er vane med slikt arbeid, seier dei.

Åtte veker i telt

Det er ikkje noko luksus som møter vesttelane i Kashmir. Dei skal bu i telt i eit område der snøen no lavar ned og der gradestokken gjerne kryp ned til 20 minusgrader om natta.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kulda og snøen er ei stor utfordring. Vertilhøva gjer at det ikkje nyttar å ta seg fram med helikopter. Befolkninga som har eit kummerleg tilvere er truleg hardt råka av luftvegsinfeksjonar. Difor vil det vere trong for handsaming med antibiotika. Men me er budde på mange sterke synsinntrykk. Truleg finst det mange døde menneske i alle aldrar. Dette blir nok ein tøff jobb, men også ei oppgåve me alle vil vekse på som menneske, seier dei tri vesttelane.