Fylkesordførar Gunn Marit Helgesen synest det er til stor inspirasjon at ein liten kommune som Fyresdal får gjennomslag for EU-midlar. Fyresdal og ordførar Saamund Gjersund kan nå auke næringssatsinga i bygda.
Fylkesordførar Gunn Marit Helgesen synest det er til stor inspirasjon at ein liten kommune som Fyresdal får gjennomslag for EU-midlar. Fyresdal og ordførar Saamund Gjersund kan nå auke næringssatsinga i bygda.

Fiska EU-millionar

Fyresdal har saman med Peak District i England og Hylte i Sverige fått napp på 8,6 millionar EU-kroner. Det betyr ei monaleg næringssatsing og produktutvikling av småskala turisme i bygda.

– Dette er litt typisk Fyresdal. Me hiv oss utpå og veit ikkje kva det blir ut av det. Men noko blir som regel spennande, seier Fyresdal-ordførar Saamund Gjersund, etter at kommunen har fått fast fisk i EU-systemet.

Fyresdal, Hylte kommune søraust i Sverige og Peak District, eit nasjonalparkområde midt i England, er med i Interreg-prosjektet som har ein kostnad på over 17 millionar kroner dei neste fire åra. Av summen frå EU-systemet får Fyresdal to millionar kroner, medan det er eit vilkår at kommunen stiller like mykje i eigendel.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utvikle nye produkt

– Det er til stor inspirasjon at Fyresdal får gjennomslag for Interreg-midlar. Pengane er eit resultat av regionalpolitikken til EU. Eg er stolt av at Fyresdal har så driftige folk at dei tør å satse. Nå får kommunen enormt mykje på kjøpet og idéar til næringsutvikling. Eg trur det hadde vore mykje vanskelegare for Fyresdal å nådd fram, om det ikkje hadde vore for det langvarige internasjonale arbeidet til fylkeskommunen, seier fylkesordførar Gunn Marit Helgesen under lanseringa av den gledelege meldinga om EU-tilskot.

Midlane kan ikkje gjevast som tilskot til verksemder, men skal mellom anna gå til å løne folk som kan drive fram prosjektet. Vidare vil pengane bli bruka til kompetanseheving, stimulering og tilrettelegging for lokale aktørar som ynskjer å starte, styrkje eller vidareutvikle ei næring. Eitt av hovudmåla i prosjektet er å utvikle og marknadsføre nye turistprodukt basert på lokale miljøkvalitetar. Vidare skal ein fremje og utvikle det særeigne i området.

Nettverk og utveksling

Men ikkje minst skal dei tri partnarområda utveksle erfaringar. Peak District er ei kjelde å ause av når det gjeld oppbygging av merkevarer. Turistverksemder med kvalitet til dømes innafor overnatting eller mat får bli med i Peak District sitt merkesystem og blir bruka i ei aktiv marknadsføring.

– På dette området kan me lære mykje av Peak District, seier Olav A. Veum, skog- og næringssjef i Fyresdal.

Jonny Aketun i Aketun Fisk nemner at eit resultat av nettverkbygginga han har vore med på i Hylte, er at i februar overtek Fyresdal-verksemda kursinga av fiskarar som ynskjer å lage og bruke storruser.

Veum påpeikar at det ikkje bare er for pengane kommunen er med i Interreg-prosjektet. Noko av arbeidet ville kommunen gjort i alle fall, men EU-midlane gjer at ein kan auke satsinga på næringslivet.

– Det er heilt sentralt at det kjem resultat av prosjektet etter kvart, avsluttar Veum.

– Interreg-prosjektet føyer seg inn i kulturen til Fyresdal der me var tidleg ute med entreprenørskap; å meistre noko. Nå skal me stø lokale aktørar som har idéar og kan kome på banen, seier Fyresdal-rådmann Vigdis Mariedatter Gulbrandsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men sjølv om de har fått EU-midlar seglar de ikkje på noko fjøl her, altså. Nå byrjar den verkelege jobbinga, avsluttar fylkesordførar Helgesen.

La egget på vestkanten

Interreg-prosjektet til Fyresdal, Hylte og Peak District starta då landbruksministeren var med på opninga av Aketun Fisk i 2002. Der var også representantar frå Hylte i Sverige, kommunen der Aketun hadde hausta opplæring av Tiraholm Fisk før den lokale foredlingsverksemda blei etablert. Etterpå tok Fyresdal imot invitasjon frå svenskane om å kome ein tur for å vurdere eit internasjonalt samarbeid. Eit nytt felles og utvida møte for eitt år sidan i Fyresdal der mellom anna Peak District frå England deltok, enda med ein felles søknad til EU om Interreg-midlar. Søknaden var ikkje god nok, men etter ei revidering fekk dei tri kommunane fullt gjennomslag rett før jol. EU-midlar dekkjer halve prosjektkostnaden på 17,2 millionar kroner. Resten er eigendel frå dei tri partnarane. I prosjektperioden på fire år har Fyresdal eigendel på to millionar kroner.

Interreg

Interreg er eit program for grenseregionalt og interregionalt samarbeid i regi av EU. Interreg har fokus på samarbeid som mellom anna skal betre føresetnadene for næringsutvikling, kommunikasjonar og berekraftig utvikling.

Noreg deltek i fleire program der målet er å fremje utvikling i distrikta, utvikling av entreprenørskap og små og mellomstore bedrifter, og samarbeid innan utdanning, forsking, kultur, kommunikasjon og helse. Andre satsingsområde er nettverksbygging, erfaringsutveksling og mindre program der fleire prosjekt er med.