Fiskesprell i vinterkulda
Dei tilsette ved skulefritidsordninga (SFO) i Seljord og Flatdal var tysdag på kurs for å lære og lage mat med fisk og sjømat utandørs.
Kurset heiter Fiskesprell, og er eit nasjonalt kosthaldsprogram der målet er å auke barn og unges inntak av fisk og sjømat. Det er Telemark fylkeskommune som arrangerer kurset som er ein del av prosjektet «Liv og røre i Telemark».
– Målet med kurset er å få meir fisk og sjømat inn i kosthaldet til barn og unge, som me i dag ser dei får litt for lite av. Men me har ikkje berre fokus på fisk. Det er også viktig med fiber og grønsaker, fortel kurshaldar Guro Høydal.
Artikkelen held fram under annonsen.
Høydal er tilsett som rådgjevar i fylkeskommunen i Team for folkehelse, idrett og friluftsliv, og er prosjektmedarbeidar i «Liv og røre i Telemark» som er eit samarbeidsprosjekt mellom fylkeskommunen og Høgskulen i Søraust-Noreg. Prosjektet har som mål å bidra med ein time fysisk aktivitet, betre kosthald og betre psykososialt miljø i grunnskulen. Frå hausten 2019 skal Seljord, Fyresdal, Nissedal og Kviteseid vera med i prosjektet.
Spennande og lærerikt
Kursdeltakarane lagar fem ulike rettar. Alle oppskrifter er laga med omsyn til at det kan vera knapt med økonomi og tid for dei SFO-tilsette. Høydal fortel at det er viktige faktorar for at matlaginga skal vera mogleg å gjennomføre i SFO-kvardagen.
SFO-tilsette Olaug Irene Gjerjordet, Haldis Thorvaldsen og Jeanette Storaker lagar ekspress fiskesuppe, men synest det tar litt lenger tid enn namnet skal tilseie.
Dei fortel at det i dag går mykje i brød og knekkebrød på SFO, og innimellom lagar dei havregraut som er svært populært hos barna. Dei synest kurset har vore inspirerande, og håpar dei vil bruke dei nye kunnskapane på jobb.
– Kurset er spennande og lærerikt, seier dei.
– Me treng meir pengar om me skal lage betre mat. Slik det er i dag er det ikkje rom for noko sprell, seier Storaker.
– SFO i både Seljord og Flatdal har i periodar tilsette som har kokkeutdanning, og det burde me nytte oss meir av, fortel Thorvaldsen.