Fjerna Kvitsund frå null-stønadslista
Sigvald Oppebøen Hansen (Ap) reagerte sterkt på partikollega Trond Giske sitt utspel om at Kvitsund sto på ei liste over skular som skulle miste statsstønaden. Nå er Kvitsund fjerna frå lista, forsikrar fyrstekandidaten.
Det var under ein debatt på NRK , dagsnytt 18, i førre veke Trond Giske la fram ei liste over friskular i Noreg som vil miste statsstønaden om Ap får makta etter valet. Dette utspelet kom med bakgrunn i at Giske meiner skular som mellom anna driv for bilbeltru undervisning ikkje burde få stønaden. Kvitsund gymnas i Kviteseid var ein av skulane som var på denne lista.
KrF sin fyrstekandidat i Telemark, Bror Yngve Rahm, undra på om Ap sin fyrstekandidat i Telemark, Sigvald Oppebøen Hansen, stilte seg bak dette utspelet frå Giske, spesielt med tanke på Kvitsund gymnas.
Artikkelen held fram under annonsen.
Då eg fekk høyre dette tok eg kontakt med rådgjevaren til Giske og tok initiativ til å fjerne Kvitsund frå lista. Giske hadde laga denne lista ut frå innspel han hadde fått frå heile landet. Og det er vel få i Ap sentralt som kjenner Vest-Telemark så godt som meg, så eg trur Giske la seg ganske flat og fjerna Kvitsund frå lista, fortel Arbeidarpartiets fyrstekandidat i Telemark, Sigvald Oppebøen Hansen.
Tar det for gitt
Fyrstekandidaten fortel at han sjølv har vore elev ved skulen i Kviteseid og at han tar det for gitt at skulen fylgjer læreplanen.
Eg oppfattar Kvitsund som ein god skule, eg kjenner også mange som har vore elevar der og har aldri høyrd at dei driv i strid med læreplanen.
Oppebøen Hansen legg også vekt på at han hadde eit godt samarbeid med Kvitsund då han var fylkespolitikar ved å ha god dialog med skulen og jobba for at dei skulle få tilskot frå fylkeskommunen.
Det er også viktig å påpeike at Ap ikkje er mot relegiøse- eller alternative skular. Det er dei kommersielle skulane me reagerer på, seier Oppebøen Hansen.