Starten i elitekonkurransen i Raudkleiv upp gjekk på Dyrskuplassen. I leiinga er ungguten Brynjar Heggelund Grave frå Seljord IL.
Starten i elitekonkurransen i Raudkleiv upp gjekk på Dyrskuplassen. I leiinga er ungguten Brynjar Heggelund Grave frå Seljord IL.

Fjorårsvinnarane blei motbakkevinnarar igjen

«Raudkleiv upp» i Seljord fekk laurdag same vinnarane som då motbakkeløpet hadde debut i fjor. Unge Brynjar Heggelund Grave frå arrangørlaget imponerte med ein tredjeplass, og andreplassen i kvinneklassa gjekk til ein sprek vinbyggje.

For andre året på rad arrangerte Seljord IL Raudkleiv upp laurdag. Starten gjekk frå Dyrskuplassen, og mål var ved Raudkleiv skianlegg. Løypa er fire kilometer og har ein høgdeskilnad på 350 meter.

Etter iherdig jobbing frå arrangøren blei det mogleg å ha løpet i skogsparti der eit veldig regnvêr natta før hadde sett sine spor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Totalt denne dagen var det 33 000 kroner i pengepremiar, inkludert uttrekkspremiar i mosjonsklassa og barneløpet.

Det var god deltaking både i mosjons- og barneklassa, og 46 personar var med på fellesstarten i konkurranseløpet.

Halvor Kleivi, Lyn ski, i klassa 20–22 år, blei vinnar i fjor, og kopierte bragda laurdagen. Men denne gongen måtte han dele sigeren med Knut Harald Semb frå Skade. Tida blei 17.33.

Tredjeplassen gjekk til Brynjar Heggelund Grave, Seljord IL. Han er i klassa 16–17 år, og var bare 24 sekundar etter vinnarane.

Som i fjor tok Brita Cecilie Mustad. Langesund, sigeren i kvinneklassa, med tida denne gongen; 20.11. Andreplassen gjekk til Ingjerd Utistog Kleiv, Vinje IL, som kom i mål litt over minuttet bak.