Snart vil Snarteland ha opptil 150 telemarkskyr på gardsbruket.
Snart vil Snarteland ha opptil 150 telemarkskyr på gardsbruket.

Fjøsinvestering til 6 millionar

Bonde Aslak Snarteland i Fyresdal har ei tid vore gira på ei kjempeutbygging på garden sin. Då er det like godt å klemme til, meiner han. Snart kan han ha 150 telemarkskyr.

Etter at fjøset på Snarteland byrja å bli nedslitt og ein del pålegg måtte ordnast, fekk Aslak Snarteland i 2006 utarbeidd eit kostnadsoverslag på nytt fjøs ved sida av det gamle.

– Eg tenkte at skal eg koste på fjøset mange hundre tusen kroner, er det betre å byggje ut slik at eg samtidig får auka produksjonen, fortel Snarteland til VTB.

Artikkelen held fram under annonsen.

I fjor blei det laga teikningar på eit 500 kvadratmeter stort og 45 meter langt fjøs inntil det som står der i dag. Det blei også laga driftsplan og sendt søknad til Innovasjon Noreg om tilskot og lån. For ei veke sidan kom eit positivt svar. Den satsingsviljuge bonden fekk det han søkte om; 750.000 kroner i tilskot og eit lån på 3 millionar kroner.

– No håper eg å byrje å grave neste veke, seier Snarteland med eit smil.

Doble mjølkekvoten

Investeringa i nybygget og diverse arbeid i gamlefjøset for å stette framtidige krav, kjem på 6 millionar kroner.

– Eg måtte absolutt gå nokre rundar med meg sjølv fyrst før avgjerda kom om å bygge. Driftsplanen seier dette skal gå bra, fortel bonden.

I fjor rusta han opp eldhuset til røktarbustad for ein tilsett som hjelper med gardsarbeidet. Etter storutbygginga som er ferdig fyrste halvår 2010, vil han ha plass til totalt 150 telemarkskyr med stort og smått. I tillegg held han fram med å ha 50 vinterfôra sauer som no. Elles har han i dag totalt 82 telemarkskyr fordelt på mjølkekyr og ungdyr.

I det nye fjøset blir det plass til 50 mjølkekyr. Sidan det er snakk om telemarkskyr, er det gjeve dispensasjon til å ha båsfjøs.

– Skal kyrne få behalde horna er det betre dei står i bås, seier Snarteland.

Rekruttering av kyr er ordna ved eigen produksjon på garden og kanskje noko kjøp av livdyr. I dag har gardsbruket ein mjølkekvote på 125.000 liter, men må opp i over 200.000 liter etter byggeinvesteringa.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg ser det ikkje som problem å få kjøpt mjølkekvote, men det vil nok ta eit par år, seier Snarteland.

Smitteeffekt

Med tanke på kjøp av mjølkekvote blir Fyresdal kommune ein viktig bidragsytar. I årevis har kommunen gjeve 50 prosent tilskot av summen det kostar å kjøpe kvotar, og ordninga ligg framleis fast. Vidare håper Snarteland på eit monaleg tilskot frå kommunen til investeringa han er i gang med.

– Det er avgjerande. Eg har god tru på at kommunen kjem med eit viktig bidrag, seier bonden.

– Det er ganske behageleg å bu i Fyresdal om ein vil satse på næringsliv. Og slik har det vore her i alle år, legg han til.

Han håper satsinga vil gje ein smitteeffekt.

– Det er viktig å synleggjere at nokon vil satse i tider der det ser ut som at folk er leie gardsdrift, seier Snarteland.

Får gjere det han likar

I 15 år har han drive med Grøn omsorg, eit jobbtilbod til dei som ikkje heilt har funne plassen sin i samfunnet. No for tida har Snarteland to personar på garden, og med utbygginga får dei vere med på eit endå større bruk.

– Skal ein gje tilbod innan Grøn omsorg, er det viktig med reell produksjon. Det skal vere jordbruksdrift, seier Snarteland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nok å gjere blir det i alle fall framover, med utbygginga og eit par hundre hundre husdyr å ta seg av. Det ser ikkje ut til å ta gnisten frå bonden.

– Det er vel det at eg får halde på med det eg likar. Eg er 44 år og har lyst til å gjere noko. Då er det viktig å gjere det, seier Snarteland om storsatsinga.

– Og så blir det eit gardsbruk å overta når eg blir pensjonist, avsluttar fyresdalbonden.